• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

 (Akvarell: Miranda Bødtker)

På veststida av Selbjørn, ikkje langt frå brua over til Stolmen, ligg Steinevik. På sørsida av vegen er eit område på litt over ein kvadratkilometer verna som naturreservat. Føremålet er å ta vare på landskapet som er så typisk for dei ytste kyststrøka i Hordaland: Eit ope og ujamt lende med butte bergnabbar, torvmyr og lyngsletter, eit landskap som no gror igjen.

I den småkuperte lyngheia ved Steinevik ligg det myrar og tjørner mellom knausane. Det er store parti med nake berg på dei tørre knausane, men òg mykje lyng: røsslyng, klokkelyng (teikninga), purpurlyng og mjølbær. Torva på myrane er for det meste fattig på næring. Der finn ein berre nøysame myrplanter som rome, pors og blåtopp. I kanten av tjørnene veks dei meir fuktkrevjande myrplantene, kvitmyrak, trådstorr og bukkeblad. Lengst nord i reservatet ligg det eit lite parti med næringsrik myr. Typiske artar her er breiull, engstorr, tvibustorr, dvergjamne og myrsaulauk.

I eldre tid vart det skore mykje torv i området. Derfor kan det vera at det no er lynghei og knausar med nake berg i skråningar der det før var myr. Det beitar villsau i reservatet.

  • Kofoed, J.-E. 1979. Myrundersøkingar i Hordaland i samband med den norske myrreservatplanene, supplerande undersøkingar. Det kgl. norske videnskab. selsk., museet. Universitetet i Trondheim. Rapport 5.