• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Garnes stasjon

Garnes stasjon var frå opninga av Vossabanen også endestasjon for lokaltrafikken til Bergen. Stasjonen er difor bygd med lokomotivstall, vognhall, dreieskive og godshus. Garnes er eit eksempel på ein intakt jernbanestasjon frå 1930-åra. Lokomotivstallen vart bygd i 1904 og vognhallen i 1881 etter Balthazar Langes teikningar. Ny stasjonsbygning vart bygd i 1919, teikna av Gerhard Fischer, etter at den første stasjonsbygningen brann. Norsk Jernbaneklubbs avdeling i Bergen har restaurert stasjonsanlegget og vognmateriellet og etablert ei veterantoglinje mellom Garnes og Nesttun stasjon.

  • Frå Borgarskaret, Haukeland og Gullfjellet i bakgrunnen.

Postvegen til Christiania

Dei faste postrutene som statthaldar Hannibal Sehested skipa i 1647, på kongeleg forordning, vart lagde til gamle og velkjende vegar mellom landsdelene frå mellomalder og forhistorisk tid. Vegen frå Bergen til det austafjelske gjekk over Borgaskaret til Borge og Lone i Arna, vidare om Tunes og inn Sørfjorden med båt til Dalebryggja og Dale, så inn Bolstadfjorden og til Voss og vidare til Gudvangen og Lærdal. Dette var allfarvegen, tjodvegen, som det heiter i Gulatingslova, alt før 1000-talet. Vegen er ein av dei eldste ut frå Bergen, og vi finn han omtala i sagalitteraturen. I Eirspennil står det at Håkon Jarl i 1206 rømde straks frå byen då han høyrde at baglarane var på veg nordetter. «Han fór opp om Borgaskardet og ned til Osterfjorden, så nord om Raudafjell».

 

Mellom 1780 og 1804 vart postvegane bygde om til kjørevegar, under leiing av postinspektør Jens Schanche og generalvegmeister Georg von Krogh. Vegen over Borgaskaret var for krevjande, og i 1783 vart postvegen til Christiania lagd om Natland, Grimo og Langedalen til Indre Arna og Tunes. Men heilt fram til Vossabanen opna i 1883 bar bøndene i Arna mjølk og andre varer på ryggen over Borgaskaret til Bergen.

 

I 1780-åra vart også postsambandet mellom Bergen og Stavanger teke opp att; det hadde lege nede sidan 1690. Vegen sørover tok av frå Christianiavegen ved Midttun – her står enno steinbrua – og gjekk over Kyrkjebyrkjeland og Sandven til Hatvik. Desse gardane var også postgardar og skysskifte. I 1648 var det også kome ei forordning om skysskifte og gjestgjevarstader, og desse var mange stader samanfallande med postrutene.