• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

svartstrupe

SVARTSTRUPE

Leif M. Lien var kjend som ein sindig mann. Men det var han ikkje 4. juni 1974, då han kom over den sjeldne svartstrupen (biletet) ved Ågotnes, eit par med tre ungar. Så sjeldan meinte fugleforskarane den gongen at arten var, at det ikkje eingong var bilete i fugleboka. Under «førekomst i Noreg» stod det lakonisk: «Skutt 3 ganger på Sydvestkysten». Det viste seg at Lien hadde registrert det aller første hekkefunnet av svartstrupe på den skandinaviske halvøya.

Fuglen er ein karakterart for lyngheia i Europa, men vestlandskysten er heilt i utkanten av utbreiingsområdet. I grove trekk stoggar den nordlege utbreiinga der gjennomsnittstemperaturen for januar fell under frysepunktet. Merkeleg nok er han ikkje trekkfugl, og dette gjer at lokale bestandar blir raderte nesten heilt ut i kalde vintrar.

Seinare har ein sett svartstrupe mange gonger i same området ved Ågotnes. Arten er òg funnen hekkande andre stader på Vestlandet, og norske fuglebøker er no betre oppdaterte.

  • Lien, L. M. 1975. Observasjon av hann og hunn av svartstrupet buskskvett med 3 flyvedyktige unger på Sotra – første hekkefunn på den skandinaviske halvøy. Krompen 4 (1):18–21.