• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gjestgjevarstaden i Brattholmen

Gjestgjevarstaden i Brattholmen (Helge Sunde).

Den gamle gjestgjevarstaden i Brattholmen på austsida av Litlesotra, vart truleg oppretta i første halvdel av 1700-talet. I ei liste frå 1748 heiter det at staden i «nogle aar har været beboet af en Enroulleret Matros ved navn Peder Michelsen». Som dei fleste andre militære krovertar var han friteken for inntektsskatt.

Gjestgjevarstaden i Brattholmen vart først og fremst plassert her fordi det var «en meget bequem Havn for Seilende fra og til Bergen naar enten Stille Vejr indfalder eller og Vinden og Strømmen hindrer Skibene at komme videre». Frå 1772 dreiv Thomas Friis gjestgjevarstaden, og han selde han att til tollbetjent Hans Dahle i 1788. Dahle budde sjølv i Bergen og dreiv losjistaden ved paktaren Niels Pedersen. Endre Dale overtok Brattholmen i 1827 og Johan Wilhelm Juuhl i 1845. Etter det utvikla gjestgjevarstaden seg også til å verta ein sentral handelsstad med dampskipsstoppestad, så lenge dette trafikkmønsteret stod ved lag.

Frå sjøen er den gamle hovudbygningen lett kjenneleg, med eit sveitserstilseksteriør frå hundreårsskiftet, tårn og utskorne drakehovud i gavlane. I tillegg til hovudbygningen har det også vore sjøhus med brenneri her, handel, drengestove, kjeglebane og badehus.