• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Midtvatnet

Frå Midtvatnet, eit av vatna i Fjellvassdraget. (Svein Nord)

NYTT FOKUS PÅ KYSTVASSDRAGA

Dei mange vassdraga ute ved kysten er gjerne små og unnselege. Bonden har nytta vasskrafta til kvern og sag, og kan henda har auren vore god matauk når havfisket slo feil. I våre dagar er vassdraga gjenoppdaga for rekreasjon og friluftsliv, og fleire stader er det lagt til rette turstigar.

Vassdraga tener òg andre funksjonar: Dei siste tiåra er nokre av områda, som frå gammalt av var oppdemde for kvern og sag, overtekne av vasskrevjande oppdrettsanlegg for smoltproduksjon. Andre vatn er demde opp for å tena som drikkevasskjelder. Nokre ligg slik til at dei samlar opp avrenning frå landbruk og kloakktilsig frå bustadområde. Det høyrer òg med til historia at vassdraga tidlegare ofte vart nytta som bossplass.

På Sotra finst nærare 50 små vassdrag, dei fleste med fleire små vatn. Berre fem av vassdraga har eit nedbørsfelt på over 5 km², medan over halvparten er under 2 km². Dei aller fleste ligg unna bustader og jordbruk.

Fjellvassdraget er det største av vassdraga på Sotra, med i alt 10 større eller mindre vatn. Dei øvre delane av vassdraget er næringsfattige og lite ureina. Dei nedre delane var tidlegare belasta med tilførsle av næringsstoff, organisk materiale og tarmbakteriar. Særleg galdt dette Eikhammarvatnet. Men forholda har betra seg: Kalking mot forsuring tidleg på 1990-talet, og etableringa av eit kloakkreinseanlegg ved Eikhammarvatnet, gjer at heile Fjellvassdraget no er friskare enn på lenge.

Det er gode tilhøve for både gyting og oppvekst av sjøaureyngel i elva oppstraums Kolavatnet. Sotra Sportsfiskere disponerer fiskeretten i vassdraget. Her blir det årleg fiska ein god del fin sjøaure.

  • Kart over Fjellvassdraget

Kart over Fjellvassdraget. Det er lagt til rette for turar langs vassdraget. Idylliske stigar i området ved Kolavatnet ved Fjell til Morlandsvatnet lenger nord er skilta.

  • Bjørklund, A. E.; Johnsen, G. H. 1995. Tilstandsbeskrivelse av Fjellsvassdraget, Fjell kommune i Hordaland. Rådgivende Biologer, rapp.152:1–31.