• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fosfatfabrikken i Knarrvika, Fjell

Fosfatfabrikken i Knarrvika, Fjell - Fosfatfabrikken ligg midt på biletet, kontorbygningen til venstre og sildeoljefabrikken til høgre (Atelier K. Knudsen)

Vel over brua til Sotra passerer du eit industrianlegg med ein byrjande tettstad kring; mineralmølla til A/S Norwegian Talc. Ein del av bygningane ber preg av å vera reiste tidleg på 1900-talet. Dei er leivningar frå eit storindustrielt anlegg frå den førre «jappetida» i landet – høgkonjunkturen etter den første verdskrigen.

Svære inntekter frå fiskeeksport og sjøfart skapte eit akutt investeringspress. Dette førte til ei industrietablering som bergensk reiarkapital stod bak: A/S Den Norske Superfosfatfabrik. Dette anlegget vart bygt ut i åra 1916-20; ein fabrikk for framstilling av gjødningsstoff som tidlegare vart importert, basert på elektrisk kraft. Aksjekapitalen var over 10 millionar kroner.

Saman med ein stor sildeoljefabrikk og eit par mindre anlegg for framstilling av kalk og mørtel representerte dette likevel nok arbeidsplassar til at staden passerte «tettstadgrensa» i 1920. Dei mange produksjonsbygningane, arbeidarbustader og administrasjonsbygg gav staden eit bygningsmessig preg av tettstad, men dette skulle ikkje vara lenge: Konjunkturomslaget i 1920-åra førte til at drifta måtte stansa ved fosfatfabrikken, kapitalen gjekk tapt og sjølve hovudanlegget vart liggjande, inntil det vart starta opp ny næringsdrift kring 1935; A/S Norwegian Talc. Sildeoljefabrikken vart nedlagd i 1974, men etter at brua kom i 1972, er Knarrvika likevel blitt ein «næringspark» i kommunen med industri for nedmaling av dolomitt og glimmer, asfaltverk og gjenvinningsstasjon.

  • Interiør fra fosfatfabrikken

Interiør fra fosfatfabrikken (Atelier K. Knudsen, KK 160/22)

  • Arbeidarbustader i Knarrvika, Fjell

Arbeidarbustader i Knarrvika, Fjell (Atelier K. Knudsen, KK 225/8. Bs. UBB.)