• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Omstridd Kraftlinje

OMSTRIDD KRAFTLINJE

Då Troll-terminalen på Kollsnes i Øygarden skulle byggjast ut tidleg på 1990-talet, kravde miljøvernorganisasjonar, lokalbefolkning og politikarar den planlagde 300 kV kraftleidningen frå Bergen lagd i jordkabel. Ein såg at ny luftleidning gjennom dette opne landskapet ville bli svært skjemmande.

Forslaget var dristig. Kabel i jord over så lange distansar og med så høg spenning har ikkje vore vanleg i Noreg. Det er også dyrare enn luftleidningar. Etter lang strid med utbyggjaren enda saka med eit kompromiss: luftleidning i Bergen og det meste av Fjell, jordkabel over Misje og det meste av Øygarden.

Med høg levestandard, spreidd busetjing og stor avstand frå brukarar til kraftverk er det vorte mange luftkraftlinjer i Noreg. Kor helsefarleg strålinga frå kraftleidningar faktisk er for menneske, er eit omstridd tema, men det er neppe helsebot i å ha fleire hundre kilovolt like over hovudet.

Uvissa er sjølvsagt heller ikkje god å leva med. Fuglane har eit anna problem: Spenn på tvers av hovudtrekkretninga til fuglane er særs farlege for store, tunge fuglar, som vanskeleg kan endra flygeretning raskt. Årleg går fleire millionar fuglar tapt i Noreg ved kollisjon med kraftleidningar. Ein utsett art er hubro, men for denne er dei mindre kraftlinjene dei mest kritiske. I Fjell finst det framleis ein livskraftig hubrobestand, men berre der det ikkje er strekt kraftlinjer.