• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Landrovågen, 1980-talet

Landrovågen er eit innhaldsrikt sjøbruksmiljø. Bilete frå 1980-talet (Hans-Kr. Bukholm).

Landro har vore storgarden på Sotra, med 15 gardsbruk som har hatt rimeleg gode vilkår for jordbruk. Nausta sine har dei i Landrovågen; ei framifrå hamn for småbåtar. Landro har såleis hatt eit godt grunnlag for kombinasjonsdrifta jordbruk/fiske.

Landrovågen er for grunn til at større båtar kan gå inn. Strukturendringane i fisket, med overgang til snurpenot og store fartøy, har såleis fått lite å seia for sjøbruksmiljøet i Landrovågen. Fiskemottak og hamner for snurpebåtar og trålarar har måtta koma andre stader.

Slik er framleis naustmiljøet og sjøhusa i Landrovågen tilpassa robåten og den vesle motorbåten; fjordfisket og heimefisket.

Alle bruka på Landro har naust på eigande grunn i Landrovågen; somme hus har òg meir enn eitt. Fleire større saltebuer for torsk og sild fortel om at fiskarane kom inn her med fangstane sine, så lenge dei kunne førast på småbåtar. Den eine saltebua vart kalla «Laksanaustet»; eit vitnemål om at laksefisket var eit viktig fiske for Landrosamfunnet.

Det mest innhaldsrike miljøet med eldre småbåtnaust på Sotra finn vi i dag i den lune hamna i Landrovågen; eit område av stor kulturhistorisk verdi.

  • Gammersvik, Å. (1981) Landro: kulturminne i Fjell. Faste kulturminne i Hordaland, nr. 8. Bergen, Fylkeskonservatoren.