• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Handelsstaden på Langøy, Fjell

Handelsstaden på Langøyna er sett i god stand (Svein Nord).

Fram til 1842 måtte ein ha kongeleg privilegiebrev for å ha lov til å driva handel. Etter lova var det berre byborgarar som kunne få slikt privilegium, og i Hordaland var det såleis bergenske kjøpmenn som åtte og dreiv handelsstadene. I 1842, gjennom ei liberalisering av handelslovgjevinga, fall privilegieordninga bort, og kven som helst kunne søkja kommunestyret om løyve til å driva handelsverksemd. Langøy er ein av desse handelsstadene som kom til i denne perioden.

Då Anders og Rakel Langøen opna handelsbu på Langøyna kring 1890, var det langt mellom handelsstadene, og opplandet var såleis stort. Frå store deler av Fjell – og frå andre bygder – rodde folk til Langøyna for å handla. Staden vart viktig når fiskeflåten skulle utstyrast. Her var det bakeri, fiskemottak og salteri. Her var også dampbåtekspedisjon, rikstelefonsentral og postopneri. Staden hadde såleis dei fleste viktige senterfunksjonane.

Så lenge sjøen var vegen, kunne ei handelsbu på ei lita øy vera ein sentral stad for kystfolket. Når bilen kjem i staden for robåten, vert sjøen stengsel og ikkje lenger veg. Dette fekk Langøy merka. Handelsopplandet skrumpa også sterkt inn etter kvart som det kom til fleire handelsstader. Post, telefon og rutebåt vart borte, og i 1962 var det ikkje grunnlag for å driva denne handelsstaden lenger. I dag er det Langøy kystkultursenter som ber tradisjonane vidare.