• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Krotinga i stova frå Li

Krotinga i stova frå Li, som no ligg lagra, syner alderdommelege motivtradisjonar (Nils Georg Brekke)

I 1981 vart det rive ei gamal lemstove på Li. Utvendig var ho å sjå til som ei av dei mange lemstovene frå 1800-talet. Men innvendig inneheldt denne bygningen spor etter ein kulturtradisjon av dei mest sjeldsynte i desse bygdene. I den eine av dei to stovene var veggene prydde med store, geometriske figurar; konsentriske ringar med prikkar og tverrstrekar – figurar som kallar fram assosiasjonar til motiv frå ein heilt annan tidsalder.

Sjølve tradisjonen med å «krota» geometriske figurar på tømmeret i dei gamle stovene har nok ikkje vore sjeldsynt i samtida. Dette har vore ein vanleg skikk gjennom mange hundreår; å vaska og pynta stovene til bryllaups og til høgtider som jul og jonsok. Taket i dei sotsvarte røykstovene var kvita med ei kalkblanding av vatn og skjelsand eller kritt. Også veggtømmeret kunne få denne handsaminga, men det var vanlegare å pynta tømmerstokkane med geometriske bordar av figurar rita inn med kvit krittvelling – figurar henta frå motivrikdomen i åklevevinga. Vi kjenner denne tradisjonen både frå Hardanger, Voss, Sunnhordland og Nordhordland, men denne stova på Sotra syner at tradisjonen nok har hatt større omfang og fleire mønstervariantar enn vi tidlegare har visst om. For figurane i stova på Li fører tankane våre lenger bakover enn mellomalderen, utan at vi i dag kan våga å ha ei sikker meining om kor gammalt arvegods vi har å gjera med her.