• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Løno

BÅTHAMN OG FUGLERESERVAT

Småbåtfolket i Hordaland veit kvar Løno ligg. Det same gjer mange sjøfuglar. Med storhavet i ryggen og ein vid, vêrhard os i famnen er Løno eit av Hordalands mest isolerte og vêrharde friluftsområde. Øya og holmegrannane vest for Sotra er ein av fylkets mest stabile hekkelokalitetar for sjøfugl.

Fuglane har ikkje berre førsteretten, dei har òg visst å starta Løno-sesongen før småbåtflåten har pussa fjørene og gjort seg sjødyktige etter vinteren. Når så langt lir, blir det ein viss konkurranse om leverommet i havkanten. Sjøfuglane har styresmaktene på si side; i 1987 vart dei sørvestlege delane av Løno og nokre av småøyane utanfor verna som naturreservat. I vernesona er det ferdsleforbod i hekkesesongen, frå 15. april til 1. august.

Tidlegare hadde reservatet ein hekkekoloni av sildemåse, gråmåse og raudnebbterne, og dessutan ein god bestand av svartbak og fiskemåse. Men som i andre sjøfuglreservat endrar koloniane seg med tida. Gråmåsen held stand, medan sildemåsen har gått kraftig tilbake. Ternene er ustabile. Dei største sjøfuglkoloniane finst i dag utanfor naturreservatet, etter nyetableringar på Sengholmen og andre små holmar.

Delar av Løno er kjøpte opp til friluftsområde, administrert av Bergen og Omland Friluftsråd. Det er den gode hamna som har gjort øya så populær. Ho ligg i ein smal kile som skjer seg inn på øya. Kilen har forresten gitt namnet til Løno (etter gammalnorsk lón, djup høl).

Sjølvberging i Havgapet

Det var fastbuande på Løno i perioden 1845–1951. På det meste var det seks gardsbruk og 50 bufaste, med eigen skule. Jorda var ikkje nett lettdyrka, og bruka var små og tungdrivne. Men kystbøndene visste å nytta ressursane, øyfolket var sjølvforsynte med poteter, grønsaker og fôr til dyra. Det står hustufter og nokre steingardar att frå landnåmstida ute i havet.

 

Det går framleis sauer i marka på Løno, og på den måten blir litt av den gamle kulturen halden i hevd. Utegangarsauene er «fastbuande», dei finn vegetasjon som er eigna å beita på både sommar og vinter. Om sommaren går nok dyra helst i grasmarka nord og vest på Løno, medan søraustsida, som er dekt med lynghei, er det viktigaste beiteområdet om vinteren. Lyngheia er i god stand, utan buskar og kratt. Fleire strandplanter veks i heia innpå øya, og gjerne i små pyttar med brakkvatn.

  • Steinblokker på Løno

Eit belte med steinblokker inne på øya har truleg komme hit for om lag 15 000 år sidan med den siste breen som nådde så langt vest. Blokkene vart sidan vaska att og fram av sjøen, som stod 30 meter høgare enn i dag. I nyare tid har dei vore nytta i steingardar. (William Helland-Hansen)

  • Skjoldblad

Skjoldblad er ei lita, særmerkt plante. I Noreg finst ho langs ytterkysten, frå Hvaler til Hordaland (nordgrense på Fedje). Ho er talrik på enkelte øyar i ytre Hordaland. Førekomsten nord på Løno er særs frodig. (Anders Lundberg)

  • havlêrskilpadde

Havlêrskilpadde

På De naturhistoriske samlinger, Bergen Museum, finst avstøyp av to havlêrskilpadder, fanga ved Løno og vest av Øygarden på ettersommaren 1856. Dette spesielle og utryddingstruga krypdyret held til i tropane, men følgjer stundom Golfstraumen og kan då dukka opp på norskekysten. Sidan 1956 er 14 havlêrskilpadder oppdaga i norske farvatn. Glasmanetar er favorittkost – mykje av den sorten går med når ein veit at den største av alle skilpaddene i fullvaksen stand til vanleg veg over 300 kilo, den største kjende over 900 kilo. Vi veit ikkje om dyra som kjem til vår kyst, finn attende til tropiske sandstrender for å leggja egg. Det kalde vatnet hos oss ser dei i alle fall ut til å meistra.

  • Byrkjeland, S. 1999. Status for hekkande sjøfugl i Hordaland 1980–1998. Fylkesmannen i Hordaland,MVA-rapport 2/1999.