• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Turøyvarden, Fjell

Sjømerke som krossar, vetar og vardar har vore viktige element i eit system for å kunna ta seg fram i den vestnorske skjergarden opp gjennom tidene. Vi finn ein heil del mindre tørrmura vardar langs mange strekningar av norskekysten. Desse vardane er som regel plasserte på det høgaste punktet på øyar og holmar. Det er ikkje usannsynleg at dei fleste av desse vardane går attende til vikingtida i si noverande form. Dei mindre vardane kan danna kjernen i nyare og større vardar reiste av Fyr- og Merkevesenet i nyare tid.

Turøyvarden er eit slikt sjømerke. Det ligg på det høgaste punktet på Turøy ut i havgapet vest for nordspissen av Sotra. Varden vart reist i 1896. Han er mura opp av gråstein og er tilnærma sirkelforma. Varden er ca. 5 m høg og tjørebreidd. Det er usikkert om ein eldre og mindre varde dannar kjerna i Turøyvarden. Varden, som vart freda i 2016, er synleg langt til havs og er eit godt sjømerke. I dag er det eit mykje brukt utsynspunkt for turistar og lokale turfolk.