• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Drageidkanalen, Fusa

Kanalen mellom Skogseidvatnet og Henangervatnet, Drageidkanalen, var ferdig våren 1887. Kanalen er kring 200 m lang, bygd minst tre meter brei i botnen og med 0,70 m minstedjupn. I 1912-1913 vart trekkvegen, dragebryggja, bygd høgare og lengre.

Det står i eit gammalt dokument: «Over Skogseidvand og Henangervand foregaar en forholdsvis betydelig ferdsel». Ikkje minst frakta hålandsdalingane ved og andre jordbruksvarer på denne vassvegen. På det meste gjekk det dagleg 20 båtar i kvar retning. Ferdsla følgde det vanskelege og farefulle elveløpet mellom vatna, Drageidelva. Her måtte folket setja tau i båtane og gå langs elvebreidda. Det hende at menneskeliv gjekk tapt under føringa av båtar.

Kanalen vart eit stort framsteg for omkring 70 gardsbruk. Ei tid gjekk det rutebåt på vatna og gjennom kanalen. Brua over kanalen stod ferdig i 1936.

  • Grimsgaard, P. (1987) Drageidkanalen 100 år: 1887-1987. Fusa.