• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Holmefjordmannen

Den 9. mai 1984 dreiv Johannes H. Holmefjord med jordarbeid inne i ein heller like ved gardshusa på Søre Holmefjord. Til si store overrasking oppdaga han nokre menneskebein der han grov. Han forstod at dei var svært gamle og kontakta Historisk museum i Bergen. 14 dagar seinare var arkeologane på plass. Dei fann ut at helleren hadde vore i bruk både i eldre jernalder og i mellomalderen. Men skjelettet viste seg å vera frå steinalderen.

Menneskebeina blei nærare undersøkte, og det blei konkludert med at dei har tilhøyrt ein mann på rundt 30 år. Han var ca. 1,67 meter høg og hadde ei ryggliding som kom av forbeining. Ved detaljerte studiar vart det oppdaga at han må ha fått ein skade i ryggen av ein spiss gjenstand. Skaden såg ut til å vera lækt, så dette var ikkje dødsårsaka. Ei C14-datering av skjelettet viste at mannen levde ca. 2100 år f.Kr., altså heilt mot slutten av steinalderen, om lag samtidig med menneska som det er funne skjelettrestar etter under helleren på Ruskeneset i Fana. Dette var i ein periode då jordbruk nettopp hadde erstatta fangst og fiske som den viktigaste næringsvegen. Kanskje var holmefjordmannen eksponent for akkurat dette; C13-nivået i skjelettet viste at han hovudsakleg levde av landpattedyr – kanskje husdyr – sjølv om fisk og sjøpattedyr også har stått på menyen.

Funnmaterialet frå eldre jernalder bestod av ei grop med kol, og oppi den låg nokre skar av leirkar, opphavleg forma som spann. Dette var ein type keramikk som blei brukt i perioden 200–550 e.Kr. Truleg var helleren i bruk til korte opphald med matlaging i denne tida. Funna frå mellomalderen var meir omfattande og tyder på variert bruk. Ein god del fragment av baksteheller dukka opp, i tillegg til jernnaglar, bryne og ikkje minst slagg. Arkeologane meiner at helleren i mellomalderen fungerte som eit eldhus, kanskje i kombinasjon med ei smie. Liknande funn er gjorde i Hallgrimshelleren i Herand. Smieslagg dukkar ofte opp i hellerar frå denne perioden. Slike bergholer eignar seg då også godt til smiing sidan dei er brannsikre og det er lett å kontrollera lyset. I tidlegare tider var det viktig at det ikkje var for lyst i smiene. Utan måleinstrument måtte smeden vurdera temperaturen i emnet sitt ut frå fargen på det glødande jernet.

  • Øvst keramikk, nedst  skår av spannforma leirkar frå eldre jarnalder.

Øvst keramikk, nedst  skår av spannforma leirkar frå eldre jarnalder.

  • Baksteheller frå mellomalderen.

Baksteheller frå mellomalderen.

Bjerck, Hein Bjartmann, 1986. "Holmefjordmannen var 4000 år gammel!!!" Frå Fjon til Fusa 1986: 7-14.