• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Mjånes, Fusa

Kjem du inn Sævareidfjorden med båt, ser du garden Mjånes (mjå «smal») liggja høgt og fritt på det grøne neset ut i fjorden. Fornfunn vitnar om busetnad i forhistorisk tid. Ei tid kring midten av 1700-talet var garden utlagd til såkalla «frigard» for offiserar ved Søndhordlandske kompani, som vart kommandert av dåverande oberst Segelcke på grannegarden Engevik. Seinare har Mjånes vore sjølveigande. I tunet står i dag ei lemstove frå 1889, sauehus, eldhus, løe og skomakarverkstad. Tidlegare var her dessutan stabbur, flor, smie, eit lite stovehus, og ei røykstove der den noverande hovudbygningen står. Løa har ein særmerkt grindverkskonstruksjon og kan bygningshistorisk følgjast attende til 1500-talet.