• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hellandsura

«Det ble loddet 50 meter ned i sprekken» står det i teksten til dette biletet frå Hellandsura i Årbok for Bergen Turlag, 1953. (Niels-Henrik Kolderup)

Skulle du vera på vandring på fjellet Møshovd ovanfor Helland, nokre kilometer vest for Eikelandsosen, må du vera varsam. Der terrenget flatar ut i om lag 600 meters høgd ovanfor den bratte fjellskrenten ned mot Helland, finst fleire opne sprekkar, opptil 50 meter djupe, 130 meter lange og 2–6 meter breie. Ura nedanfor fjellet, Hellandsura, strekkjer seg fleire hundre meter oppover i lia og ser relativt «fersk» ut. Er det nokon samanheng?

Sprekkane på Møshovd blir danna ved at det øvre laget av fjellet (granitt) sig sakte på eit lag av glimmerskifer ut mot brattkanten før store stykke brotnar av og dett ned i Hellandsura. Rørslene forplantar seg eit stykke inn på den delen av fjellet som ikkje brotnar, der sprekkane opnar seg.

Fenomenet kallar vi fjellsig; fjellet sig i periodar med mykje nedbør og såleis mindre friksjon. Ei tjørn på fjellet har ikkje synleg utløp. Vatnet renn ned gjennom sprekkane og kjem ut i ei kjelde med jamn temperatur like over ura. Kor ofte det går store skred, er uvisst.

  • Profil frå Møshovd til Hellandsura

Profil frå Møshovd til Hellandsura som syner prinsippet for korleis fjellet sig i området. (Inge Aarseth/Eva Bjørseth)