• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gamalt postopneri, Øpstad i Fusa

Stova med postopneri frå 1865 til 1966 (Kristoffer Øpstad, eigar Lokalhistorisk arkiv, Fusa).

Postgarden på Øpstad merkjer seg ut i landskapet. Ei okergul lemstove og eit kvitmåla sveitserhus med oker lister, ber bod om eit 1800-tals tun; næraste granne til den vakre gamle prestegarden. I Øpstatunet var det postopneri i tett på hundre år. I dag kan du gå den gamle postvegen over fjellet til Strandvik; ein del av «Den Stavangerske Postvei».

Hovudpostvegen mellom Bergen og Stavanger vart frå 1786 lagd om Os over Hatvik, med båt over fjorden til Fusa og vidare over fjellet til Strandvik. Første postopneriet på Fusa vart oppretta i 1815, men i 1823 vart det flytta sørover til Hammarhaug i Ølve, som då var futegard. I 1856 vart det igjen postopneri på Fusa, i prestegarden. Postferdsla over fjellet frå Øpstad til Vik i Strandvik tok slutt sist i 1860-åra, då båtrutene på fjordane i Midthordland med D/S Bjørnen fekk eit fast rutemønster.

Øpstad var også skysstasjon: «Skydsstationen Øfstestue i Fuuse herred, Strandvigs Skibrede». Ein skyssprotokoll frå 1838 til 1901, då skysstasjonen vart lagd ned, er interessant lesnad: «Hvad Datum ankommen og reist, samt til hvad Sted, Hvormange Heste eller Baade og Roersfolk; Anmerkninge om den Reisende har noget at klage over eller ikke». Skyssprotokollen vart gjennomgått og signert, vanlegvis på «Vaartinget» eller «Høsttinget». Protokollen innheldt også lengda på dei vanlegaste skysstrekningane. Dei seinare åra var det her berre «Tilsigelsesskifte»; dei reisande måtte gjerne venta fleire timar før rorskarane frå den garden som hadde skyssplikta, kom.

24. august 1862 vart amtsagronom Harald Konow, Fredrik og Carl Konow skyssa til Hatvik av to rorsfolk. Konow skriv: «Meget god befordring. Stationen udmærker sig med at alt er meget billigt, saaledes selges 2 udmærkede Rømmekolle for 12 Skilling». Capitaine Hagemann står oppført nærast årvisst kring 1870. 8. oktober 1869 skal han til «Tøsse i Samnanger» og rekvirerer «3 mand» og «6-aaret Baad». Hagemann har tydelegvis hatt stand og stilling som tilsa skikkeleg skyss etter statens regulativ.

Både skysskjerre, ridesal, pistol, posthorn og bodstikke frå Øpstad er tekne vare på; i Universitetsmuseet i Bergen og ved Postmuseet på Maihaugen. Ein lett og rask seksæring til skyssbåt vart bygd kring 1850 og står i eit naust i Fusa.

  • Skyssprotokoll frå Øpstad, Fusa

Skyssprotokoll frå Øpstad

Skyssprotokoll 1838-1901 på Øpstad (p.e. Samson, i privat eige).