• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sævareid kartong-og pappfabrikk, Fusa

Sævareid, eidet ved sjøen, har gjeve namn til både fjorden og vassdraget. Ved sjøen låg ei stor mengd naust som høyrde til gardane langs Sævareidvassdraget. Fossen ved utløpet av vassdraget dreiv i eldre tid ei oppgangssag.

I 1867 grunnla Alvøens Papirfabrik eit tresliperi her. Denne verksemda utvikla seg til ein kartong- og pappfabrikk, som kom til å sysselsetja nærare 200 menneske på det meste. Eit særleg kjent produkt var «Sævereid Betræk-Pap», som fekk ein stor innanlandsk marknad og som er udøyeleggjort i Hamsuns roman «August».

Kring fabrikken voks det fram ein liten tettstad med sentrumsfunksjonar, som grov grunnen ut under den tradisjonsrike handelsstaden Engevikhavn på hi sida av fjorden. Etter 2. verdskrigen var Sævareid-samfunnet ein einsidig industristad, med eksport, hovudsakleg til land i Det britiske samveldet. Fabrikken vart lagd ned i 1977. I dag har oppdrettsnæringa teke over.