• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

På Vinnes er til dels djupe lag med leire. I 1876 starta engelskmannen John V. Scarborough teglverk på Selsneset. Han hadde fått «Eneret til at søge og drive Leer i Udmarken» på Vinnes. Han sette opp teglverk på Selsneset, og verket kom i drift i 1878. Verket vart arbeidsplass til 20–30 mann som laga murstein og takpanner.

Teglverket dreiv berre i sommarhalvåret. Ein mann kunne forma opp til 3000 murstein for dagen, men 2000 var meir vanleg. Panneformarane greidde opp til 1500. Etter kvart som det minka med leire på land, prøvde teglverket med sjøleire. Men ho var ikkje brukande verken til takpanner eller murstein. Drifta på Vindenes Teglverk, til dagleg kalla Leiro, tok slutt i 1923. Då hadde verket levert teglpanner til Bjørnefjordbygdene gjennom eit halvt hundreår, og mange hus er enno tekte med hardbrende vinnespanner.