• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skjelbreidterrassen

På austsida av Skjelbreidvatnet, godt synleg på vegen frå Eikelandsosen, legg vi merke til ein gard på ein terrasse ovanfor ein graskledd bakke. Bakken har form som eit breitt skjold; Skjelbreid er namnet på garden.

Ved slutten av istida, nokre hundre år etter at breen hadde avsett endemorenen og leira på Vinnes, kalva breen i Eikelandsfjorden opp. Breranda stogga i området mellom Skjelbreidvatnet og Vengsvatnet. Breelvane førte med seg sand og grus som vart avsett i fjorden. Sjøen nådde då 78 meter høgare enn i dag. Brekanten låg så lenge i ro at avsetninga bygde opp eit delta. Grustaket nord for terrassen har vekslande skrålag av sand og grus som vart avsett ned deltaskråninga. Det har samanheng med vekslande vassføring i breelva som førte massane med seg.

Etter at breelva hadde avsett deltaet, voks breen litt, og fronten rykte fram. Dette ser vi fordi det ligg restar av ein morenerygg oppe på terrassen. Noko av denne ryggen er planert i nyare tid, men han finst òg ved Sørelva.

  • Aarseth, I. Glasiasjonsforløpet i Bjørnafjordsområdet, Hordaland. Upublisert hovedoppgave, UiB 1971.