• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sundvor, Fusa

På Sundvorøya vart det drive landhandel frå 1880-åra, til dess det kom handel på fastlandet. Dei noverande bygningane skriv seg frå denne tida. Hovudbygningen hadde krambu i første høgda og bustad i andre. Dette huset er samanbygd med ei sjøbu, som tente som lager.

Sundvorøya fekk rutebåtsamband kring 1890. «Dampen» vart ekspedert i båt, fordi det var for grunt for dampskipsbryggje inne ved handelshusa. Denne steingrunna skal etter tradisjonen vera ballaststein frå skotske trelastskip. Det vert fortalt at Sundvor på 1500- og 1600-talet var utskipingshamn for tømmer. Stadnamn som Skottabeleggjet og Bjelkaneset minner om denne første handelsverksemda ved Sundvorøya.