• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vinnesholmen, Fusa

På garden Vinnes har det vore husmannsplass så tidleg som år 1658, men vi veit ikkje kor langt attende i tid det har budd folk i Vinnesholmen.

Dei første brukarane vi kjenner, var Vigleik Olsson frå Hjartnes og Kari Halvardsdotter frå Skåte. Dei feste truleg holmen kring år 1800. Den siste brukaren var Elisa Vindenes. Fusa kommune overtok eigedomen då ho døydde i 1983. Den vesle husmannsplassen er sett fint i stand og vert leigd ut på sommarstid – ein idyll ved Bjørnefjorden og eit nærbilete av den nøysame levemåten.

  • Bautasteinane på Skagatangen

Bautasteinane på Skagatangen. Akvarell av Nils Hertzberg, 1829 (eigar Manuskriptsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (188a)).