• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Delar av Yddal naturreservat frå lufta

Delar av Yddal naturreservat frå lufta. Lygresåsen sentralt i biletet, Horgavatnet oppetil høgre. (Blom Norkart Mapping)

Yddal er eitt av dei største og finaste furuskogområda i fylket. Dei rike skogressursane var eit viktig grunnlag for busetjinga i Yddal. Fram til 1950-talet var det tre gardar her. Der hogstkarane ikkje kom til, er trea grovvaksne og kan vera godt over 300 år gamle.

Men namnet Yddal er etter eit anna tre enn furu. Namnet stammar frå yr, det gammalnorske ordet for barlind. Det finst framleis barlind i dette området. Somme av trea har opptil ein meter tjukke stammer, ofte med rote i veden, eller dei er innhole. Slik barlind må vera svært gammal.

Det er råd å gå seg vill i desse skogane, men elvane og vatna er til god hjelp for orienteringa. Stigar fører inn i området frå Lygre, men dei er av vekslande kvalitet. Vassvegane har tidlegare vore nytta til fløyting av tømmer. Gamle tømmerstokkar, restar av demningar og ei gammal sag fortel om ei anna tid. Det var ikkje alltid lett å få fram tømmeret; terrenget er svært kupert. Dei gamle hogstane har sett spor, men mange stader har furuskogen kome naturleg attende.

I ulendt, bratt lende og på åsryggene der tømmer ikkje vart teke ut, er det no store og gamle tre og mykje daud ved, som i ein urskog. Lygresåsen er ein god plass å oppleva denne gamle furuskogen. Her kan vi sjå furuskogen liggja som eit teppe over heile horisonten. Maken til villmarkskjensle er det knapt råd å finna i noko skogområde i Hordaland. Så er òg området freda, som ein del av det største naturreservatet i Vest-Noreg.

Yddal har eit rikt planteliv, med mange artar som er sjeldsynte i distriktet. På dei mange små,næringsrike myrane veks ein del av dei, mellom anna breiull, myrkråkefot, sveltull, nykkesiv og dvergbjørk. Andre uvanlege planter finst høgare oppe i lia. Er du heldig, kan du sjå orkidéane kvitkurle og brudespore på berghyllene.

  • tiur

Storfugl

Jamvel om orrfuglen er den vanlegaste av skogshønsene på Vestlandet, er det òg nokre plassar gode bestandar av storfugl. Han finst fleire stader i Fusa. Godt mogeleg er det flest i Yddal.

 

Storfuglen set store krav til leveområdet. På Vestlandet lever han mest berre i furuskog med blåbærlyng i botnen. Skogen må vera gammal og helst så godt som urørd. Spelplassen ligg på ei opning i skogen, og kan på våre kantar samla 3–5 tiurar eller så. Denne staden er sentral i ein tiurs liv. Leveområdet resten av året kan strekkja seg over fleire kvadratkilometer, men ligg i regelen ikkje langt unna spelplassen.

 

Om vinteren er storfuglen storetar av furu. Ei undersøking viste at furubar på denne årstida utgjorde om lag 80 % og furuskot 18 % av kosthaldet. Furubar er rikt på fiber, men næringsfattig. For å dekkja matbehovet må fuglane såleis ha ei stor kro. Ei full kro hos ein tiur kan innehalda opptil ein halv kilo furubar. Sommarstid et dei vaksne fuglane mykje bær, skot og urter, medan kyllingane berre et insekt og larvar.

 

Årleg blir det felt i overkant av 20 000 storfugl i Noreg, men ein reknar med at kollisjonar med kraftlinjer tek livet av endå fleire. Slike problem har ikkje storfuglen i Yddal.

  • Ekelund, K. 1997. Eng og beitemark i drift, Fusa kommune i Hordaland – vegetasjon og økologi. Cand.scient.oppg.UiB.Botanisk inst.
  • Gjerde, I. 1987. Verneverdig barskog i midtre og indre deler av Hordaland. Ornitologisk rapport. Rapport,Fylkesmannen i Hordaland,miljøvernavd.
  • Hjorth, I. 1996. Storfugl – tiur og røy. Naturforlaget/Bokklubben Villmarksliv.181 s.
  • Pedersen, H.C. 1991. Storfugl. I: Hogstad, O (red.): Norges Dyr,  Fuglene II: 24–36.Cappelen.