• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bronsenøklar og restar av ein trestav frå Døso, Os

På gardane Døso og Skeie har det vore eit gravfelt med minst 6 haugar - venteleg gravstad for dei fremste menn og kvinner av den slekta som rådde her i hundreåra nærast før vikingtida.

Fire av haugane vart utgravne og granska i åra 1906-07 og sidan restaurerte. Tre av dei finst framleis. Dei fleste haugane vart brukte som gravstad fleire gonger. I den eine var heile fire graver frå ulik tid. Her er både manns- og kvinnegraver. Dei døde har fått med seg smykke, reiskap og bruksting av ymse slag, til liks med mat og drikke. I nokre av gravene har bevaringstilhøva vore slik at også restar av organisk materiale fanst.

På slutten av 500-talet vart ein mann gravlagd i ein haug som var bygd nokre år før. På botnen av steinkista la dei eit lag bjørkenever. Over dette breidde dei ein bjørnefell. På denne vart den døde lagd, sveipt i to ullteppe. Eit tynnare teppe vart breidd over, før grava vart fylt med grønt lauv og bregner. Så vart dekkheller lagde på, og jord kasta over.

Om lag på same tid vart ei kvinne lagd i ein av dei andre haugane. På drakta hennar fanst forgylte hektespenne og fleire andre smykke av sølv og bronse. I beltet hadde ho nøklar og kniv. I høgre handa heldt ho ein lang trestav. I norrøn tradisjon var slike stavar kjenneteikn på omvandrande volver - trolldomskvinner. Var det ei slik som låg i haugen på Døso?

  • Bronsespenne og knappar frå funnet på Døso

Bronsespenne og knappar frå funnet på Døso, Os (Svein Skare).