• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lyse kapell, Os

Lyse kapell (Svein Nord).

Det vesle, kvitmåla kapellet med det raude tegltaket, like sør for klosterruinane på Lyse vart bygt 1663 som gardskapell for klostergodset, etter at stiftsskrivar Niels Hanssøn Schmidt hadde overteke eigedomen to år tidlegare. Med velproporsjonert vestlandskledning ligg kapellet i det vakre kulturlandskapet, som eit vitnemål om ei svunnen tid ved det store klostergodset. Men enno i dag er det fast tradisjon med høgmesse 2. pinsedag i Lyse kapell.

Kapellet er ei lita tømra kyrkje, med våpenhus mot vest og ein høg tårnryttar bygd opp over den vestre delen av skipet. Små blyinnramma vindaugo slepper lyset inn i skip og kor.

Kyrkjerommet er så godt som urørt gjennom 300 år. Golv, vegger og dei tønnekvelv-forma trehimlingane er umåla; det same er kyrkjebenkene. Altertavla i barokkstil, datert til kring 1670, skal etter tradisjonen vera redda ut frå hospitalskyrkja ved St. Jørgen, som brann ved bybrannen i 1702. Før brannen var altertavla alt vorten innkjøpt av dei dåverande eigarane, Jacob Anderssøn Widing og familien hans, som sat med lyseklostergodset frå 1699-1722. Altertavla har denne innskrifta: «Til Guds Ære og Kirckens prydelse; St. Jacob Andersøn, Anne Michels Datter 1703».

Avtalar om vitjing i kapellet må gjerast med eigaren av Lysekloster hovudgard.

  • J.C. Dahls måleri «Fra Lysekloster» 1827

Lysekloster hovudgard

Etter reformasjonen vart klosteret og alt det åtte rekna som kongen sin eigedom. I 1670 kom godset i privat eige, og vel femti år seinare kjøpte Hans Formann Lysekloster. I Henrik Formann si tid (1758-1815) åtte godset 200 gardar frå Ryfylke til Nordfjord, og hadde 5-600 leiglendingar. Son hans, som også heitte Henrik, kjøpte endå fleire gardar, og åtte til slutt 3/4 av heile Osbygda. Då han døydde i 1871, vart alle gardane som ikkje høyrde til sjølve hovudgarden, selde. Dei fleste vart selde til bygslemennene.

 

Ein staseleg tofløya hovudbygning vart bygd av Hans Formann i 1722-24, med blomeprydde lerretstapet i storstova og forseggjorde steinkaminar frå 1600-talet. Denne bygningen vart riven i 1939-40 og skulle gje plass til ein ny. Då krigen kom, vart desse planane lagde til side. Den store stavløa frå seinmellomalderen er også borte. Ein av stavane bar årstalet 1519.

  • Hansen, T. (1981) Administrasjonen av Lyseklostergodset 1670-1852. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 77-102.
  • Olafsen, O. (1917) Lysekloster og dets Jordegods. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 36-46.