• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Rekonstruksjon av Lyse klosteranlegg

Dette er teiknarens fabulering over korleis han tenkjer seg at klosteranlegget kan ha sett ut. Vi kjenner planen over anlegget, men det er mange ting vi ikkje veit. Der dokumentasjonen vantar, har teiknaren bygd på ein kombinasjon av fantasi og analogislutningar frå andre cisterciensarkloster i Europa. Dei seinare åra har det også kome for dagen spor etter bygningar som har lege utanfor det anlegget vi ser ruinane av i dag. Under rekonstruksjonen av den delen av korsgangen som står i dag, vart søylekapitela snudd feil veg (Bernt Kristiansen).

Lyse vart grunnlagt i 1146, som dotterkloster av Fountains Abbey i Yorkshire i England. Biskop Sigurd av Bergen stod i brodden for dette tiltaket og gav midlar til klosteret. Det var nær kontakt med moderklosteret i den første tida, og fram til 1200 har det truleg vore engelske abbedar i Lyse. I seinmellomalderen vart Lyse underlagt Sorø kloster i Danmark; tidlegare hadde det lege under Alvastra i Sverige eitt år. Lyse – eitt av dei rikaste kloster i landet – vart nedlagd mellom 1537 og 41 og kom inn under krona.

Bygningane var dels oppførte i kleberstein frå eit steinbrot nordaust for klosteranlegget, i Lysedalen. Då klosteret vart rive, vart det ført kleberstein frå Lyse til bygging av Rosenkrantztårnet i Bergen og Kronborg slott i Danmark.

Klostersamfunnet

«Solen staar stille i Gideons dal. Tiden er løftet af Hængsel ...». Det er den danske folkehøgskulemannen Jørgen Bukdahl som i eit glimt gjev oss ei fortetta oppleving av klostersamfunnet i Lysedalen, slik han ser det for sitt indre auga, ein solvarm sommardag når lyset glitrar i dei rike lauvkronene kring klosterruinane. Idag er det eit velstelt kulturlandskap kring Lyse kloster; ein arv frå munkane sin flittige innsats – «ORA ET LABORA». Lekbrørne rydda skog, braut grøfter og dyrka opp store hagar kring klosteret. Lyse hadde også ein stor frukthage på garden Opedal i Ullensvang. Lengre inn i Lysedalen går den gamle stigen – «Munkevegen» – over åsen til Røykenes; vegen til Bergen.

  • Planteikning til Lyse kloster, Os

Planteikninga til Lyse kloster

«Salve regina – hill deg dronning»

Einstonig stig den gamle Mariahymnen opp frå klosterkyrkja. Munkane og lekbrørne er samla til dagens siste tidebøn, før dei går kvar til sitt.

 

Slik må vi ha lov å tenkja oss attende til den tida klosteret på Lyse var eit livskraftig samfunn, på høgda av makta si. Lyse høyrde til cisterciensarordenen, og som alle dei andre cisterciensarkyrkjene var også denne vigd til Maria. Truleg har det stått eit Maria-alter ved nordmuren i kyrkja, midtvegs ned i skipet. Der er det restar etter eit alterfundament. Cisterciensarordenen voks fram i Frankrike mot slutten av 1000-talet, som ein strengare variant av Benediktinarordenen. Namnet skriv seg frå det første klosteret i Citeaux. Klostra vart bygde på avsidesliggjande stader, og dagane var oppdelte i tidebøner og messer, lesing av oppbyggjelege skrifter og praktisk arbeid.

 

Mykje dårleg og vassjuk jord vart dyrka opp og omskapt til blømande enger og hagar av munkane i «Vallae Lucidae» – Lysedalen. Dette var ein del av teologien og samfunnsfilosofien til cisterciensarane. Lekbrørne, som stod for den største delen av det praktiske arbeidet, var underlagde ein mindre streng klosterdisiplin enn munkane. Det var sju faste tidebøner kvar dag; den første ein time etter midnatt. På denne tida nytta munkane, og seinare også lekbrørne, sine respektive «natt-trapper» som førte frå sovesalane og ned i kyrkja.

  • Nybø, M. (1987) Lyse kloster: vårt første cistercienseranlegg. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 169-186.
  • Tveit, N. (1946) Lysekloster gjennom 800 år: 10. juli 1146-10. juli 1946. Bergen.