• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lysekloster

RIK SOPPFLORA

Knapt nokon stad i Hordaland trekkjer til seg så mange soppsankarar som området kring Lysekloster. Det store mangfaldet i soppfloraen har nok ein samanheng med det varierte, gamle kulturlandskapet, med open beitemark og fleire typar barskog og lauvskog.

Særleg i dei eldste plantefelta med gran finn vi matsoppar, som kantarell, traktkantarell, piggsopp, steinsopp, rimsopp, granmatriske og ulike artar av vokssopp og kremler. I eit plantefelt med lerk er det, ikkje uventa, lerkesopp vi legg merke til. Området med furuskog inneheld gode matsoppar, som smørsopp, furumatriske og kremler, særleg gulraud kremle og sildekremle. På stubbar av lauvtre er stubbehorn svært vanleg, og på stammer av furu er det kvar haust store mengder kritøsterssopp.

I heile området veks honningsopp i knippe på stubbar og på levande tre, både i barskog og lauvskog. Honningsopp er eit samlenamn for fleire artar rotesoppar, som ikkje bør etast. Dei er parasittar som enkelte år kan gjera mykje skade, særleg i nyplanta granskog.

Under bjørketrea i lauvskogen finn vi dei gode matsoppane raudskrubb og brunskrubb. På litt open beitemark er det òg sjanse for å finna sjampinjongartar, særleg åkersjampinjong og beitesjampinjong. Også engvokssopp og skarlakvokssopp trivst. Om våren kan vi somme år finna fleire artar morklar.

I bøkelunden bak klosterruinane veks det vanlegvis store mengder bøkeriske og bøkekremle. Dei er ikkje matsoppar. Med litt iherdig leiting kan vi finna små, svarte, trådforma utvekstar på hamsane til bøkenøttene som ligg på bakken. Dette er bøkehamshorn, ein sekksporesopp. For tjue år sidan vart han funnen for første gong i Noreg, nettopp her på Lysekloster.

Stubbehorn

Stubbehorn. (Miranda Bødtker)

Kantarell

Kantarell. (Miranda Bødtker)

Traktkantarell

Traktkantarell. (Miranda Bødtker)

Piggsopp

Piggsopp. (Miranda Bødtker)