• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Os stasjon

Søndag 1. juli 1894 vart Nesttun-Osbanen teken i bruk. «Consul Gade ønskede på Peronen Held for Banen, hvoretter det første Tog afgik fra Osøren til Nesttun kl 9.15 Morgen», står det i styreprotokollen. På Os stasjon var samla den største folkemengde som var sett i Osbygda, og dei første åra var tilstrøyminga av nyfikne så stor at styret innførte «plattformbillett».

Det nye stasjonsbygget var bygt like utanfor Osørens hotel. Rett ved hotellet låg dreieskiva for lokomotiva og kolbingen der dei bunkra kol. Dette førte til den første «forureiningssaka» i Os: hotelleigaren klaga på sterk sjenanse med røyk og larm frå stasjonen, og fekk rettens medhald.

Dreieskiva ligg idag under asfalten, men resten av stasjonsområdet, med stasjonsbygningen, vognhallen og vognverkstaden ligg uendra. Vognhallen, som vart bygd i ein open jernsøylekonstruksjon, vart skøytt på og gjort lengre nokre år etter at stasjonen var opna. Osbanen revolusjonerte samferdsla i Bjørnefjordsbygdene. Brått var byen berre nokre timar unna, og overgangen her frå sjø til land høyrer til eit av dei store kapittel i norsk samferdselshistorie.

  • Ulven stasjon, Osbanen

Osbanen

Nesttun-Osbanen vart opna i 1894, vart det nye jernbanesambandet sett på som «...det tidsmæssigste Bindeled mellom Byen og dens bedste Opland..». Dette var nok sant. Reisetida mellom Os og Bergen, som med dampbåten var fire timar, vart halvert. Jordbruket kom mykje nærare den store ferskvaremarknaden i Bergen, og bykjøpmennene fekk ein ny marknad på bygdene. I overgangen til pengehushald fekk dette mykje å seia. For Ulven leir var det også eit stort framsteg då Osbanen vart opna. Tidlegare måtte soldattransport og varetransport gå til Buena i Lysefjorden og langs dårleg landeveg fram til Ulven.

 

Det gjekk likevel ikkje lang tid før Osbanen ikkje var så «tidsmæssig» lenger. Banen var smalspora, og planane om å byggja han om til normal sporvidde vart aldri noko av. I 1935 gjekk siste toget. Bussar og lastebilar hadde teke over.
Mellom Hetleflåten og Storestraumen ligg eit par kilometer av den gamle jernbanetraséen parallelt med E39, med to karakteristiske bruer. «En sådan fylding, der ligger ude i vandet ved Bergestøen, savner vistnok sin lige i hele Nord-Europa» skreiv O.W. Fasting på ein av dei tidlege turane med Osbanen.

 

På Os stasjon står bygningane att. I Fana er Stend stasjon teken vare på og restaurert.

  • Wilson, R. & Stenvall, F. red. (1974) Nesttun-Osbanen 1894-1935. Bergen, Norsk jernbaneklubb, Avd. Bergen.