• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hetlefloten i Os

Den flate terrassen på Hetlefloten i Os, 58 moh., viser hvor havet stod i dette området. (Svein Nord)

På slutten av istida kom ein bre ned Osdalføret frå Gullfjellsmassivet og Sveningen. Etter at smeltevasselvane hadde bygd opp Ulvensletta og breen hadde skuva saman ein morenerygg på Moberg, byrja han å kalva attende. Ein om lag 30–50 meter djup fjord opna seg innover dalen. Brefronten stogga med visse mellomrom og bygde opp små delta som vi no finn att som sand- og grusterrassar i 58 meters høgd ved Tøsdalskrysset, Ulvenskiftet, Hetlefloten, og den nordlegaste og største på begge sider av riksvegen ved Søfteland. Mellom terrassane ligg det mykje silt (grov leire) som vart avsett på botnen av fjorden utanfor kvart delta.

  • Terrassar i Osdalsføret

Terrassar i Osdalsføret (Inge Aarseth/Eva Bjørseth)