• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Pøylo

Pøylo. Utlaupet mot Lysefjorden i bakgrunnen. (Svein Nord)

Som alle pollar har Pøylo grunt og smalt utløp. Vassutvekslinga ved flo og fjøre skjer derfor seinare enn i opne farvatn. Ferskvatn kjem inn i Pøylo frå to bekker. Ferskvatn er lettare enn saltvatn, så tilsiget ligg ofte som eit overflatelag. Når saltvatn strøymer inn i Pøylo, blandar vassmassane seg til brakkvatn.

Fordi pollen er grunn, blir han fort oppvarma av sola. Den høge temperaturen, saman med gjødning som renn ned frå bakkane omkring, skaper svært stor planteproduksjon. Det blir lett oksygenmangel, særleg i dei djupaste vasslaga.

Nede i vatnet veks ålegras og skruehavgras, saman med brunalgar (tang) og grønalgar. I tidvass-sona veks havstorr, saltstorr, pølstorr og rustsivaks, alle godt tilpassa brakkvatn. På opne jordflekker trivst den vesle planta pusleblom. Ho er berre eit par centimeter høg, men kan til gjengjeld veksa i store mengder. Pusleblom er sjeldnare no enn før, fordi mange grasmarker ved stranda ikkje lenger blir beita. Då forsvinn dei små opptrakka flekkene der pusleblomen kan veksa.