• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Raudlia

Du kan ta deg inn til området frå nord ved å følgja skogsvegen i sørenden av Sandalsvatnet i Hauglandsdalen eller frå sør via Gåssand og Ytra Raudlivatnet. (Svein Nord)

I fjellsidene kring fjellet Sveningen er det mykje furuskog. Gamle furutre med kraftige greiner er det rikeleg av, spesielt eit stykke opp i lia. Ved Raudlitjørna ligg eit fredingsområde som har til føremål å ta vare på nokre storvaksne, bortimot fire hundre år gamle furutre. Bergens Jæger- og fiskeforening si hytte midt på biletet.