• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Blåvengja praktvassnymfe

Blåvengja praktvassnymfe heiter ho, og praktfull er ho. Dette insektet, som høyrer til augestikkarane, er vidt utbreidd i Europa, men i Hordaland er arten registrert berre tre stader. Øvre delar av Sjøbøelvahar den største førekomsten i fylket. Fleire gonger er det sett kring 100 individ.

Den blåvengja praktvassnymfa er ikkje åleine; det er registrert sju artar av vassnymfer i området kring Sjøbøelva og Endelausmarka, og elleve ulike artar libellar (den andre hovudgruppa av augestikkarar). Somme av desse artane er ikkje funne andre stader på Vestlandet. Mange insektgrupper er framleis dårleg kartlagde på Vestlandet. For ein nyfrelst entomolog kan augestikkarane vera ei eigna insektgruppe å ta fatt på. Det er ikkje så altfor mange artar, og det er jamvel mogleg å skilja dei frå kvarandre med kikkert.

  • Greve, L.; Overvoll, O.; Sætersdal, M 1992. Vann-nymfen Calopteryx virgo i Hordaland. Fauna 45:150–156.
  • Johnsen, G. H. 1997. Forekomst av «blåvingevannymfe» Calopteryx virgo ved Sjøbøelva i Os kommune. Rådgivende Biologer rapport 293.