• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Geolog William Helland-Hansen studerer kvartskonglomeratet i Ulvensynklinalen på ein av haugane ved nordvestenden av Ulvenvatnet

Geolog William Helland-Hansen studerer kvartskonglomeratet i Ulvensynklinalen på ein av haugane ved nordvestenden av Ulvenvatnet. (Svein Nord)

«ULVENSYNKLINALEN »

I Ulvenområdet finst fyllitt med Hordalands yngste forsteina fossil, saman med vakre kvartskonglomerat. Fyllitten og konglomeratet ligg inneklemde i gammal havbotnskorpe: gabbro og grønstein, i hjarta av den kaledonske fjellkjeda.

Gabbroen og grønsteinen er i slekt med liknande restar av nær 500 millionar år gammal havbotnskorpe i Austevoll og på Bømlo. Ein gong, for minst 450 millionar år sidan, i ordoviciumperioden, vart havbotnskorpa heva opp til overflata. Der vart det avsett eit tynt lag grus og etter kvart tjukkare lag leire. Over desse avsetjingane vart det lagt att store og runde kvartssteinar og tjukke sandlag, truleg på strender langs oldtidshavet. Sidan vart desse siste laga omdanna til konglomerat og kvartsitt, medan laga av leire vart til fyllitt. Til slutt trengde oppsmelta berg gjennom heile lagrekkja og danna gangar.

I dag står fjellaga i Ulvenområdet mange stader på høgkant, og det er tydeleg at dei ein gong har vorte kraftig falda. Geologane kallar ei falding der dei yngste laga ligg i kjernen, ein synklinal. Samstundes med faldinga skjedde det store forskyvingar i underlaget. Dette skjedde truleg i silurtida, under den endelege kollisjonen mellom Grønland/Nord-Amerika og Skandinavia. På denne tida var den kaledonske fjellkjeda på det høgaste.

I 1880 fann pionergeologen Hans Reusch fossil i fyllitten medan han venta på hesteskyss nær Ulvenskiftet. Sidan er det funne restar av både korallar, muslingliknande brakiopodar og graptolittar. Graptolittar er primitive kolonidyr som levde i oldtidshavet. Graptolittane i Os er av ein type som levde i silurtida for rundt 430 millionar år sidan.

Ulvenområdet er på utruleg vis spart for mykje av den deformasjonen som har knadd og omforma det meste av vestlandsfjella til bergartar som har lite igjen av dei opphavlege trekka. Den skånsame geologiske forhistoria gjer at det er fossil å finna, og at konglomeratet, som ligg rett ved sida av riksvegen, er så godt bevart.

  • Geologisk snitt og kart over Ulvenområdet

Geologisk snitt og kart over Ulvenområdet, mellom Ulvenskiftet (nordaust) og Hagavik (sørvest). Tilrådde geologiske stoppestader: 1 Fyllitt ved bensinstasjon; 2 konglomeratnær krysset ved Ulven leir; 3 gangbergart i steinbrot sørvest for flyplassen. (Magnar Saltnes/Haakon Fossen)

  • ein forsteina korallkoloni frå slutten av ordovicium (knapt 450 millionar år gammal)

Korallar frå ordoviciumtida

Os er saman med Stord det området i Hordaland der det er funne flest fossil. Både i Hegglandsdalen og ved Ulven og Kuven er det råd å finna fossil. Biletet syner ein forsteina korallkoloni frå slutten av ordovicium (knapt 450 millionar år gammal), teikna av Hans Reusch. Dei kvite sirklane er snitt gjennom kalkskala til korallane, som er såkalla golvkorallar av den utdøydde arten Syringofyllum organum. Dette er den vanlegaste korallen i dei kalkrike laga i Os.

  • Ingdahl, S. E. 1989. The Upper Ordovician - Lower Silurian rocks in the Os area, Major Bergen Arc, western Norway. Norsk Geologisk Tidsskrift 69: 163–175.
  • Reusch, H. 1882. Silurfossiler og pressede konglomerater i Bergensskifrene.
  • Ryan, P. D.; Skevington, D. 1976. A re-interpretation of the Late Ordovician Early Silurian stratigraphy of the Dyvikvågen and Ulven-Vaktdal areas, Hordaland, western Norway. Norges Geologiske Undersøkelse Bulletin 324:1–19.