• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå "Vaksinen"

Frå "Vaksinen". (Svein Nord) 

Under klimaforverringsperioden yngre dryas (for 12 800–11500 år sidan) rykte breen, som hadde smelta mykje attende i tusenåret før, kraftig fram. Breen kom frå nord, forbi Søfteland, og enda opp med brefronten mot Liafjellet. Her stod breen i 300 år. Havet var 57–58 meter høgare enn i dag, og ein smal fjordarm gjekk inn til Ulven på nordvestsida av Liafjellet. Framfor breen vart smeltevatn med store mengder bremjøl (silt og leire), sand og grus spylt ut i fjorden. Eit delta av sand og grus vart bygt opp, det som no er Ulvensletta (Ulven truleg av alfrvin; alfr tyder «grus, sand»). Det fine bremjølet vart frakta vidare av smeltevatnet ut det smale sundet mellom Ulvenfjellet og Liafjellet til det vart avsett der sundet opna seg mellom Hjorthaugen og Grindavoll.

Seismiske målingar syner at sedimenta på Ulvensletta er opptil 34 meter tjukke, men det varierer mykje. Den bratte skråninga ned mot Ulvenvatnet syner den gamle kontaktflata mellom isbreen og deltaet. Haugen «Vaksinen» i vestre delen av sletta er ein rest av morenen som vart skuva opp av breen då han gjorde ein liten framstøyt før tilbakesmeltinga som avslutta istida i Os.

  • Kart over Os-området då breelvane bygde opp Ulvensletta for om lag 12 000 år sidan

Kart over Os-området då breelvane bygde opp Ulvensletta for om lag 12 000 år sidan. (Inge Aarseth/Eva Bjørseth)