• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

"Parti fra Aadland", 1908

"Parti fra Aadland", 1908 (foto: K. Knudsen & Co, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK pk 172)).

Ådland inst i Samnangerfjorden er ein gammal kyrkjestad og skysstasjon; eit knutepunkt i samferdsla frå sjø til land. Den kvitmåla kyrkja som ligg her i dag er bygd i 1851, men det har vore to eldre kyrkjer her i tidlegare hundreår.

Kyrkja på Ådland er nemnd første gong i skriftlege kjelder i 1329. Dette må ha vore ei stavkyrkje, og denne vart avløyst av ei tømmerkyrkje i 1652. Dette årstalet stod over korbogen i «gamlekyrkja». Kyrkjeettersynet i 1686 nemner framleis ei tømmerkyrkje på Ådland, men i 1851 var denne ikkje lenger tenleg, og det vart bygd ei ny. Dette er ein interessant kyrkjetype som er ulik dei mange «hallkyrkjene» som vart reiste etter midten av 1800-talet. Bygningen er teikna av cand. theol. Andreas Grønning, som også teikna kyrkja i Sveio. Kyrkja har ei litt spesiell basilikaform, med avfasa sideskip som gjev bygningen ei tilnærma åttekanta form. Likevel ser vi at dette er ei av dei tidlege nygotiske kyrkjene, med spissboga vindaugo i skipet. Eit antemensale frå mellomalderkyrkja er i dag på Universitetsmuseet i Bergen.

  • Ådlands hotell, Samnanger

Ådlands hotell

  • Den nye "Hardangervegen"

Hardangervegen

Straks etter at Vossebanen var opna, vart det sett i gang vegarbeid frå Trengereid stasjon til Ådland i Samnanger (1883-1885). Vegen vart ført vidare frå Ådland til Tysse 1893-95, for så å nå fram til Norheimsund i 1906. Mange småbrukarar i Samnanger fann seg kjærkomen attåtnæring på veganlegga, og då Bergen Lysverker tok til med kraftutbygging i Samnanger i 1910, vart det meir arbeid å få. Etter kvart vart samningar å finna på alle slag anleggsarbeid over store delar av Vestlandet og vidare med. Frå å vera ei lita attåtnæring til jordbruket har anleggsarbeid vorte hovudnæring for mange, slik at Samnanger med tida har vorte ein av dei mest typiske anleggsarbeidarkommunane i Hordaland.

Vegen frå Trengereid til Ådland stod ferdig i 1885, og alt året etter vart det skipa skysstasjon på Ådland, med to faste hestar og to reservehestar. For 11 øre kilometeren for kvar hest vart så dei reisande frakta i skysskjerre eller slede den 11 km lange strekninga frå Ådland til jernbanestasjonen på Trengereid.

 

Skyssen gjekk heile året, og skyssprotokollen, som er ført like fram mot 1910, viser at det år om anna kunne vera opp til 200 turar. Mellom dei flittigaste kundane var fabrikkeigarane ved Samnanger Uldvarefabrik, vegingeniørar og ulike offentlege tenestemenn. Den 26. juni 1892 har Edvard Grieg sett sitt namnetrekk i protokollen. Han trong alle fire skysshestane til følgjet sitt.

Den første bilen prøvde å ta seg fram på vegen i 1909. Men den første bilruta mellom Trengereid og Norheimsund/­Øystese var det Tomas K. Aadland som starta i mai 1917 med ein 7-setar Dodge kalesjebil. Seinare kjørte han med to bilar. Fartsgrensa var 25 km/t, men berre 15 km/t gjennom Tysse og i Tokagjelet. Etter kvart kom fleire til som fekk løyve til rutekjøring. Men då vegen over Skuggestranda var ferdigbygd i 1932, og Bergen fekk samanhengande vegsamband med Hardanger, vart konsesjonen på all rutekjøring på strekninga gjeven til det nyskipa Bergen-Hardanger Billag.

  • Knutsen, A. (1953) Langelandslekten i Amerika. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 21-36.