• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fossen Bratte

Stupet ved Fossen bratte har opp gjennom tidene vore den største utfordringa for dei som bygde veg over Kvamskogen. Set frå deg bilen ved minnestøtta på gamlevegen og ta turen ned til svingen ved fossen som bergensarane kallar «Brudesløret». Kvifor er det ein foss nett her?

Istore delar av istidene strøymde mykje av breen frå Hardangerfjorden over Kvamskogen til Samnanger. Vidare ut til Norskerenna gjekk isleia via Fusafjorden og Korsfjorden. Ved Fossen bratte kom breen saman med breen frå Tveitakvitingen ned mot Raunebotnen. Saman grov dei ut trauet under fossen, slik at det vart eit trinn i dalen, der fossen no kastar seg utfor. Det hjelpte godt at gneisen har mykje sprekkar nett her, Raunebotsdalen er graven ut langs desse nord-sør-orienterte sprekkane. I sprekkesonene plukka breen laus store fjellstykke. Fjellstykka fraus fast i botnen av breen og skura fjellet vidare nedetter dalen.

I fjellveggen nord for fossen ser ein tydeleg tett med vertikale fjellsprekkar som går nord-sør. Langs sprekkane er det òg merke etter fjellskred; eitt gjekk vinteren 1999.

Frå toppen av fossen er det utsyn til to elvevifter i dalen nedanfor. Trauet breen grov ut, er no fylt med lausmassar. Her er det nesten flatt, og elvane har for lite energi til å frakta dei grovaste flaummassane vidare. Når store steinar blir avsette i eit elveløp under flaum, vil elveløpet nærast bli plugga igjen, slik at elva må ta seg nytt løp. På dette viset må elva stadig skifta leie. Resultatet er eit system av aktive og forlatne elveløp som forgreinar seg og dannar elvevifter.

Langs elva, 75 meter ovanfor fossen, er det ei 7 meter djup jettegryte i gneisen. Det er sjeldan å finna store jettegryter i gneis. Om det er lite vatn i elva, kan vi òg studera mange små jettegryter på svaberget like ovanfor den store gryta.

  • Forgjengelege "Trappetrinn"
  • Prinsipp for korleis Fossen bratte vart danna

Forgjengelege "Trappetrinn"

Dei mange fossane langs vestlandsdalane kan vi takka breane under istida for. Ein bre grev nemleg særs ujamt: mykje der fjellet er oppsprokke, mindre der fjellet er massivt. Nedetter dalen vil terrenget derfor ofte veksla mellom fossar og stryk, somme stader med djupe gjel, og flatare parti eller vatn. Dalen får eit «trappetrinnsprofil». Breane er for det meste vekke, no er det elvar og skred som står for grovarbeidet i dalane. Og dei prøver å jamna ut trappetrinnsprofilet og fjerna fossane som breane hadde laga. I geologisk tidsperspektiv har dette arbeidet berre så vidt starta.

 

Fossen bratte er eit godt døme på naturens store trappetrinn. Like nedom brua ovanfor Røssebotnen er eit anna, i noko mindre skala (biletet). Her har elva funne fram til to sprekkesoner i eit trinn som breen forma i landskapet. Elva prøver å fjerna fossen og å jamna ut elveløpet ved å grava tronge gjel i sprekkesonene. Gjelet like ved vegen er om lag 15 meter djupt og berre 2–3 meter breitt. Truleg starta smeltevasselva denne gravinga alt mot slutten av istida. Derfor har elva hatt «berre» om lag 12 000 år på verksemda, og det vil enno ta mange tusen år før fossen er fjerna.

  • Jettegryta ovanfor Fossen bratte

Jettegryta ovanfor Fossen bratte. (Svein Nord)