• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frøland kraftverk og Frølandsvatnet

Mykje nedbør, høgt fall og nærleiken til Bergen gjorde at vasskraftpotensialet i Samnangervassdraget vart utnytta tidleg. Samnanger vart såleis ein av dei første kraftkommunane på Vestlandet. Med seinare utvidingar og nye kraftverk blir det i gjennomsnitt produsert 479 GWh elektrisk kraft årleg. Det er nok til å dekkja straumforbruket i om lag 25 000 hushald.

Alt i 1898 kjøpte Bergen kommune opp nokre av fallrettane i Samnangervassdraget med tanke på elektrisitetsproduksjon, og i 1909 starta utbygginga med ein stor mannskapsstyrke. Første utbyggingsprosjekt var Frøland kraftverk, som nyttar fallet mellom Fiskevatnet og Frølandsvatnet. Etter ei imponerande rask framdrift kom kraftverket i drift alt i februar 1912.  Sidan har kraftverka Grønsdal (1948), Kvitingen (1984) og Myra (1988) kome i drift lenger oppe i same vassdraget. Frøland kraftverk produserer i dag 138 GWh pr. år. I 2013 kjøpte Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) kraftstasjonen Tyssefossen nedst i vassdraget.

Vassdraget er særs godt utnytta med omsyn til straumproduksjon. Mellom anna har det så langt ikkje vore pålagt minstevassføringar på elvestrekningane mellom magasina. I periodar kan desse strekningane vera nesten tørrlagde. Innanfor det 122 km² store nedslagsfeltet er det fleire bekkeinntak, og seks demningar regulerer dei største vatna i dette fjellområdet. Den harde utnyttinga er ein arv frå byrjinga av 1900- talet. I vår tid blir det stilt heilt andre krav til kraftutbyggingsprosjekt.

Tilsig av ureining frå jordbruk er ikkje større her enn i andre vassdrag, men i periodar med lite vatn i elva kan konsentrasjonen av næringsstoff bli større enn det livet i vassdraget toler. Det er såleis ikkje alltid lett å vera fisk i dei nedre delane av vassdraget. Men noko har vorte gjort for fisken: Den gamle laksetrappa forbi fossen ved Samnanger Fabrikker vart i 2000 erstatta av ei ny med innebygd fiskefelle. Fella gjer at det er råd å henta ut fisk som har ei fortid i oppdrettsmerdar andre stader i distriktet. Heile femten tonn laks skal ha vore registrerte på same tid i elveosen, det aller meste oppdrettslaks. Med fungerande laksetrapp går laksen og sjøauren eit lite stykke oppover Frølandselva, som er varig verna mot kraftutbygging av omsyn til Fossen bratte. I Storelva kjem ikkje fisken langt opp, ettersom elveløpet i lange periodar er bortimot tørt. Det er no nye vilkår i tilknyting til nye konsesjonar for reguleringa av Samnangervassdraget. BKK har sjølv kome med eit framlegg om ei minstevassføring i Storelva. Med dette er det von om at fisken kan få betre levekår.

Med mange mellomstore og små vassdrag i Samnanger er det framleis eit vasskraftpotensial i kommunen som ikkje er nytta. Dei mest aktuelle kraftutbyggingsprosjekta er små elvekraftverk i privat regi. Fleire småkraftverk har fått konsesjon dei seinare åra. Det står att å sjå om dei blir bygd. I tillegg er det aktuelt å rusta opp eksisterande kraftverk og overføre meir vatn frå nabovassdrag.

  • Samnangervassdraget, kjelde for elektrisk kraft i over 100 år.

Samnangervassdraget, kjelde for elektrisk kraft i over 100 år.

  • Frå utbygginga tidleg i førre hundreåret

Frå utbygginga tidleg i førre hundreåret. Oppreinsking i samband med legging av røyrgate. (BKK)

  • Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap. Fakta om Samnangervassdraget. Informasjonsbrosjyre.
  • Grung, T. (red.) 2000. Hundre elektriske år. Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap.
  • BKK: http://www.bkk.no