• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gneis.

Vekslinga mellom lyse, granittiske lag og mørkare gneis synleggjer faldinga. Denne vekslinga har òg vore medverkande til at faldinga opphavleg vart danna. (Haakon Fossen)

Langs vegen frå Frøland mot Kvamskogen kan vi sjå at fjellet er samansett av ulike lag. Desse laga er kraftig bøygde eller falda. Sjølve lagdelinga vart til i dei store fjellkjederørslene i silurtida. Store bergmassar, skyvedekke, vart frakta kilometer på kilometer mot aust i denne perioden. Etter at dei veldige rørslene tok slutt, byrja dei same bergmassane å gli vestover att. Dette skjedde for om lag 400 millionar år sidan. På attendevegen mot vest kom laga i klemme og vart krølla eller falda.

Slike faldingar finn vi mange stader i skyvedekka, men dei er spesielt iaugefallande i Bergsdalsdekka ved Frøland. At laga ikkje sprakk opp, men falda seg, fortel at fjellet framleis var varmt nok til å eltast som ein deig. «Varmt nok» i denne tydinga er temperaturar på over 300ºC.

Beste staden å sjå desse faldingane er ved den nedre munninga av Liarostunnelen og vidare langs vegen mot Frøland.

  • Fossen, H. 1993. Structural evolution of the Bergsdalen Nappes, Southwest Norway. Norges Geologiske Undersøkelse 424:23–50.
  • Fossen, H.; Dallmeyer, R. D.1998. 40Ar/39Ar muscovite dates from the nappe region of southwestern Norway: dating extensional deformation in the Scandinavian Caledonides. Tectonophysics 285:119–133.