• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gullbotnen

Det er ein næringsfattig kvartsaugegneis som er årsaka til det nakne beltet på biletet. Det går ei skoggrense både på oppsida og nedsida av denne sona – begge er styrte av berggrunnen, medan tynninga og fråfallet av skogen høgare oppe i lia er styrt av klimaet. (Svein Nord)

Eit nake belte der mest ingenting gror, bryt seg veg gjennom skogen i lia på austsida av Gullbotnen. Men langs vestsida av hovudvegen finst ei frodig og blomerik sone med fleire krevjande planteslag. Kontrastane kjem av ekstreme variasjonar i næringsinnhaldet berggrunnen.

Det nesten vegetasjonslause beltet er nokre hundre meter breitt og strekkjer seg frå lia ovanfor Gullbotnen, på austsida av Langavatnet, sørover mot Samnangerfjorden. Berre svært nøysame planter, som røsslyng, bjønnskjegg, blåtopp, heigråmose og ei og anna seintveksande furu med smal stamme, greier å klora seg fast i dei 480 millionar år gamle granittiske størkningsbergartane. Bergarten, ein kvartsaugegneis, er sur og kvartsrik med opptil ein centimeter store «augo» av kvarts. Den harde kvartsen er ikkje til særleg nytte for plantene. I tillegg er dette fjellet uvanleg fattig på natrium og kalium. Først på eit høgare nivå, om lag 400 moh., der bergartane blir mindre sure, finn bjørkeskogen rotfeste. Denne skogen strekkjer seg opp til om lag 500 moh. Den nedre grensa for bjørkeskogen er sett av bergarten, den øvre grensa er sett av klimaet.

Nedanfor det nakne beltet, langs vegen ved Gullbotnen, står skogen frodig. Det er mest bjørkeskog med litt hassel og gråor som veks her. Vegetasjonen er rik på urter, som tyder på godt jordsmonn. Nokre typiske artar er grov nattfiol, enghumleblom, kvitbladtistel, mjødurt og markjordbær. I vegskjeringane har gulsildra funne sin plass. Det veks enorme mengder av denne planta. I blømingstida, særleg frå midten av juli og utover, blir berget heilt gulfarga. Gulsildre trivst særleg godt på berg med sigevatn, ofte i selskap med vill-lin, loppestorr, småengkall og dvergjamne.

Dei gode vokstervilkåra for den frodige vegetasjonen i området langs vegen har samanheng med at det er heilt andre bergartar som rår grunnen her enn oppe i lia: næringsrike, kalkhaldige lag av marmor (sjå ramma) og glimmerskifer. Desse laga vart avsette for 440 450 millionar år sidan, i eit grunt hav som dekte den noko eldre kvartsaugegneisen. På botnen av denne lagrekkja, i direkte kontakt med kvartsaugegneisen, finst eit konglomerat.Neset og øyane i Langavatnet er gjorde av dette konglomeratet. Både dei kalkhaldige laga og konglomeratet er i nær slekt med lagrekkja i Os-området. Truleg vart dei avsette i det same oldtidshavet.

  • Geologisk kart over Langavatnområdet ved Gullbotnen

Geologisk kart over Langavatnområdet ved Gullbotnen. (Roald Færseth/Haakon Fossen)

  • Gulsildre

Gulsildre. (Bjørn Moe)