• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Øvre Kvernes

Dette holet i fjellet er alt som er att etter klebersteinsbrotet på Øvre Kvernes. (Svein Nord)

Håkonshallen, Domkirken, Bergen Børs, Permanenten og andre kjende bergensbygningar er pryda med kleberstein frå Øvre Kvernes. Brotstaden er eit stort hol i fjellgrunnen ved skrenten like aust for gardsbygningane.

Kleberstein finst saman med bergarten serpentinitt. Somme stader skaper serpentinitten mystiske fargar og former i terrenget. Raudaberget og Raudskolten og liknande stadnamn har samanheng med raudfargen på gamle, forvitra flater av serpentinitt og kleberstein. Desse bergartane stikk opp som raudbrune kollar i terrenget. Fargen har skriv seg frå at fjellet rustar i kontakt med luft og vatn.

Samnanger har mest serpentinitt og kleberstein i heile fylket. Dei linseforma førekomstane har truleg opphav i eller under den nedste delen av havbotnskorpa som skilde Skandinavia frå Grønland for 500 millionar år sidan. Då dette havet lèt seg att, kolliderte til sist Noreg og Grønland. Under desse prosessane vart linsene pressa opp mot overflata og blanda med glimmerskifer og grønstein. Til Samnanger kom serpentinitten og klebersteinen for vel 400 millionar år sidan.

I friskt brot er kvernessteinen grøn, med brunlege årer av jernkarbonat. Store mengder stein vart truleg brotne i perioden frå 1100- til 1300-talet. Nye store uttak vart gjorde på slutten av 1800-talet, likeins ved Raunekleivtunnelen vest for Ådland skal det ha vore teke ut kleberstein, brukt til Bergen Børs. Både langs den nye og den gamle riksvegen på denne strekninga kan vi sjå serpentinitt og litt kleberstein. I Fagerbotnen finst dei største attverande mengdene med kleberstein. Vegen til Fagerbotnen vart bygd rundt 1935 for uttak av stein, mellom anna til Håndverk og Industriforeningens bygg og Forum kino i Bergen. Klebersteinen i dette området er mørkare grøn og manglar dei raudbrune jernkarbonatårene som elles er typiske for klebersteinen frå Samnanger.

  • Oversyn over klebersteinsfelt

Oversyn over klebersteinsfelt (fiolet) og namn med raud-i Samnanger. (Roald Færseth/Haakon Fossen)

  • Planter på serpentinitt

Planter på serpentinitt

Serpentinitt inneheld tungmetall som er giftige for mange planter. Bergarten manglar derfor ofte plantedekke. Det er ei viktig årsak til at raudfargen i berget blir så tydeleg. Furu er det treslaget som klarar seg best og kan finnast som spreidd skog. Barlind synest òg å meistra tungmetalla, men har gjerne ikkje voksterkraft til meir enn små buskar. Med manglande plantedekke blir konkurransen mellom artane mindre. Derfor er det ikkje så rart at somme planter har spesialisert seg nettopp på serpentinittberg. Artar av nellikfamilien og ulike bregnar er dei mest typiske. Bregnane i småburknefamilien veks i tette tuer direkte i bergsprekkar. I Kvernesområdet er det registrert fleire artar i denne familien, som svartburkne, grønburkne (biletet), blankburkne, olavsskjegg og murburkne. Desse bregneplantene finst òg på andre bergartar, men på serpentinitt kan dei veksa i ekstremt store mengder. Nellikplanta strandsmelle veks òg spreidd i Kvernesområdet. (Bjørn Moe)

Serpentinitt og kleberstein

Serpentinitt er ein mørkegrøn bergart, vanlegvis omdanna frå olivinstein. Begge er tunge og svært basiske (jern- og magnesiumrike) bergartar. Dei finst i store mengder i mantelen under jordskorpa, men berre unntaksvis på jordoverflata. Under rørsler nede i jordskorpa kan olivin- og serpentinittminerala omskapast til talk og kloritt. Desse mjuke minerala er dei viktigaste i den blaute klebersteinen.

  • Heldal, T.; Jansen, Ø. 2001. Steinbyen Bergen. Fortellingen om brostein, bygg og brudd. Nord 4.