• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kvitingen

Frå Kvitingen. Målestasjonen ligg langs vegen mellom garden og vegkrysset. (Svein Nord)

Få andre stader i Hordaland, ja, i heile landet med, regnar og snør det så mykje som i Samnangerfjella. Fjella her syg til seg væte. Nedbørstasjonen på Kvitingen har samanhengande observasjonar heilt frå 1900, og målingane har gitt fleire rekordar for fylket. Stasjonen blir derfor mykje nytta som referanse for vestlandsnedbøren.

Då Bergen Elektrisitetsverk sette opp målestasjon i Kvitingen i 1900, var det med tanke på utbygging av Samnangervassdraget for å skaffa Bergen elektrisk straum. Folket i den vesle grenda tok vel imot stasjonen, dei ante nok at her var det både arbeid og rekordar i vente. Den største årsnedbøren som er målt, er frå 1921, på 5087 mm. Det kom også like oppunder 5000 mm både i 1967, 1983,1989 og 1990. Året 1989 vart det sett rekord for månadsnedbør i januar, med heile 1076 mm. Månadsnedbør like over 1000 mm finn vi òg i desember 1975 og i oktober 1983. Berre i to år var årsnedbøren mindre enn 2000 mm, i 1915 (1984 mm) og i 1960 (1926 mm).

Nedbørmengdene varierer mykje frå år til år, men sett over periodar på mange år har det vore ein auke. I middel har det dei siste hundre åra vore ein auke i årleg nedbørmengd frå om lag 3000 mm til 3800 mm, om lag 25 %. Auken har vore særleg stor dei siste 30 åra.

Den gjennomsnittlege auken i årlege nedbørmengder kjem av at det både er vorte fleire dagar med nedbør og fleire dagar med store nedbørmengder. Årsaka til dette er meir vestavêr i Vest-Noreg i dei seinare åra. Tilsvarande, og til og med større prosentvis nedbørauke, finn ein i indre distrikt av fylket, til dømes i Hardanger og Voss.

  • Årleg gjennomsnittsnedbør på Kvitingen målestasjon gjennom 100 år

Klimaet i endring

Dei siste hundre åra har vi hatt ein auke i nedbøren på Vestlandet. Serleg har nedbørmengdene vorte større om vinteren. Folk flest lurar på kva årsaka er, og om auken kjem til å halda fram.

 

Det meste av nedbøren kjem frå vest i vinterhalvåret. Mellom eit lågtrykk ved Island og eit høgtrykk nær Azorane er det ei brei gate med kraftig vestavind som pressar fuktig luft inn over Nordvest-Europa. Denne lufta blir det milde vintrar og mykje nedbør av. Vi veit at denne vêrsituasjonen er vorten meir vanleg: Samanlikna med tidlegare er både lågtrykket ved Island og høgtrykket ved Azorane meir stabile. Dette er ein del av ei større endring som omfattar det meste av den nordlege halvkula.

 

Dei fleste klimaforskarane med FNs klimapanel (IPCC) i spissen meiner at klimaendringane i stor grad er eit resultat av menneskeskapte utslepp til atmosfæren. Det gir i første omgang ein temperaturauke som så fører til meir nedbør. Det blir truleg òg større variasjonar frå år til år, og det blir oftare svært kraftig nedbør. Med dei utsiktene vi har til framtidige utslepp til atmosfæren, må vi kanskje bu oss på endå mildare og fuktigare vintrar.

  • Frå Tysseelva nedst i Samnangervassdraget.

Frå Tysseelva nedst i Samnangervassdraget. Elva får vatn frå store område i Samnangerfjella. (Svein Nord)