• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Slåttene

Ei av dei mange slåttemyrane. 

Dei store myrområda på åsen mellom Samnangerfjorden og Sørfjorden i om lag 400 meters høgd er særprega og vel verdt ei vitjing. Omkransa av furuskog og med mange små tjørner er det opne landskapet i Slåttane eit idyllisk turområde. I tidlegare tider, og heilt fram til 1950-talet, vart myrane slått i stort omfang, noko som er sjeldsynt på Vestlandet. Det er funne 16 tufter etter høyløer i området. Fôret som bøndene henta ut av myrane, var eit viktig tilskot til det dei hausta nede i bygda.

I myra veks ei mengd artar som tyder på godt med næring. Breiull, myrsaulauk, jåblom og bjønnbrodd er nokre av dei.