• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Utsnitt av loket på kiste måla kring 1830 av Nils Johannesson Tveiterås

Utsnitt av loket på kiste måla kring 1830 av Nils Johannesson Tveiterås

TO GRANNAR - ROSEMÅLAREN OG FELEBYGGJAREN

I det tronge dalføret langs Storelva ligg garden Langeland med Tveit og Tveiterås ovanfor. Denne vesle grenda var litt av eit kultursenter på 1800-talet.

På garden Tveit budde felemakaren Johannes Bårdsson Tveit, som laga dei kjende tveitafelene. Komponisten Harald Sæverud (1897-1992) var ofte hos besteforeldra sine på Nytveit i barndomen, og han har late seg inspirera av både naturopplevingar her og forteljingar om oldefaren, som var slik ein meister til å laga feler.

På grannegarden Tveiterås møter vi endå ein dugande handverkar på 1700-talet: rosemålaren Johannes Johannesson Tveiterås (1763-1842). Etter tradisjonen skal han ha lært å måla av omreisande hallingar, og dette stemmer godt med det vi veit frå andre kjelder. Johannes vart ein målar som danna skule. Også sønene Johannes (f. 1791) og Nils (f. 1795) vart rosemålarar. Nils flytte til Os og vart opphavsmannen til ein rik rosemålingstradisjon i midthordlandsbygdene.

  • Hardingfele laga av Johannes Bårdson Tveit

Johannes Bårdson Tveit

Johannes Bårdson Tveit (1786-1847) var meister for tveitafelene eller samningafelene som dei også vert kalla. Felene er høgmælte og klåre i tonen, og dei gjekk for å vera mellom dei beste og mest forseggjorde i si tid. Einskilde feler er enno i privat eiga, men elles er tveitafela å sjå både på Universitetsmuseet i Bergen og på Hardanger folkemuseum. Johannes var svært nøye på arbeidet og kva vyrke han nytta. Det vert fortalt at han helst leita seg ut emneved attmed ein foss, og når emna var godt turre, banka han på trestykka for å høyra om det var rette klangen i dei. Han brukte gjerne svartolder til botn og fure til lok, medan felegjorda vart laga av hatl. Knut Hansson Myrland (1851-1946) kjøpte formene og verktøyet etter Johannes og laga mange gode feler.

  • Felekasse til Tveitafela, truleg måla av Annanias Tveit frå Os

Felekasse til Tveitafela, truleg måla av Annanias Tveit frå Os. Kassen har årstalet 1873