• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tysse

Alt i 1862 tok Svein L. Røsseland til med landhandel og gjestgjevarstad på Ytre Tysse, og seinare var han også dampskipsekspeditør og den første postopnaren i Samnanger. Men den store omveltinga kom då F. Matthiessen i 1886 sette i drift A/S Samnanger Uldvarefabrik.

Frå ein varsam start med 25 tilsette vart fabrikken bygd ut slik at talet på arbeidarar var tidobla ved århundreskiftet og kom på det meste opp i om lag 400 nokre år seinare. Tilflyttinga var stor, og på to-tre tiår vart Tysse forvandla frå fredeleg bondeland til ein tettpakka bygdeby med bustader, butikkar, handverkarar, kafèar og overnattingsplassar i tillegg til sjølve fabrikken. Men natta til 6. mars 1931 brann ullvarefabrikken ned til grunnen. Først i 1941 kom det ny verksemd på branntuftene. Samnanger Fabrikker vart Noregs største spesialfabrikk i strømper under namnet A/S Safa. I 1960-åra kom talet på tilsette opp i 240, men rasjonalisering har ført til at det no er berre vel 20 tilsette. Tysse er i dag først og fremst kommunesenter med kommunal administrasjon og ungdomsskule.