• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Geologar frå heile verda kom for å studera gangbergartane ved Spildepollen.

Geologar frå heile verda kom for å studera gangbergartane (den mørke stripa på biletet) ved Spildepollen. No ligg gangane under eit nytt rorbuanlegg. Liknande gangar, om enn ikkje like godt synlege, finn ein i den bratte vegskjeringa i svingen om lag 50 meter til høgre for naustet på biletet. (Haakon Fossen)

I KONTAKT MED MANTELEN

Nordsjøjordskorpa vart utsett for strekkrefter både i perm- og triastida og seinare i juratida. Denne strekkinga førte til at Nordsjøen sokk inn, og til store forkastingar vest for Hordaland og på fastlandet. Austefjorden i Sund følgjer ei slik forkasting.

Den snorrette Austefjorden er utgraven langs ein nesten bein geologisk struktur. Denne strukturen skjer seg djupt ned i jordskorpa. Like nede frå mantelen strøymde det fjellsmelte, ein gong for om lag 250 millionar år sidan. Det smelta berget størkna til gangar langs somme av brota i Austefjordstrukturen.

Desse gangbergartane er ein del eldre enn dei fleste liknande gangane i Sunnhordland, men dei har truleg eit nært slektskap, trass i aldersskilnaden. Geologane trur at danninga av desse basaltgangane kan ha å gjera med spenningar som vart utløyste i jordskorpa langs forkastingar i perm- og triastida. Seinare grov isen ut dalar og fjordar i nord-sør-retning i desse sonene med oppsprokke fjell. Døme på slike fjordar og dalar forutan Austefjorden er Lokksundet, Romarheimsdalen og Mundheimsdalen–Kikedalen.

Vegskjeringa i svingen før vegkrysset ved Spildepollen er ein av fleire stader der gangbergartane frå permtida er å sjå.

  • Den beine Austefjorden og landskapsdraget vidare mot nord vart til langs ei forkasting som strekkjer seg djupt ned i jordskorpa.

Den beine Austefjorden og landskapsdraget vidare mot nord vart til langs ei forkasting som strekkjer seg djupt ned i jordskorpa. Raude prikkar viser kvar det er gangbergartar frå perm-trias-tida. (Haakon Fossen)

  • Fossen, H. 1998. Advances in understanding the post-Caledonian structural evolution of the Bergen area, West Norway. Norsk Geologisk Tidsskrift 1998, 78,33–46.
  • Løvlie, R.; Mitchell, J. G. 1982. Complete remagnetization of some Permian dykes from western Norway induced during burial/uplift. Physics of the Earth and Planetary Interiors 30:415–421.