• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sjøbuer i Kvalvåg, Austevoll

Dei store sjøbuene frå handelsverksemda pregar framleis Kvalvåg (Svein Nord).

Kvalvåg på Stolmen er først nemnd som handelsstad i 1655, og i 1731 fekk eigaren Jens Meyer kongelig handelsprivilegium.

Stolmen har alle dagar vore eit typisk fiskarsamfunn, og det har budd etter måten mykje folk på øya. Det var dei fastbuande fiskarane som la grunnlaget for handelsverksemda i Kvalvåg. Fiske, fiskemottak og sildesalting var viktige delar av verksemda.

I glansperiodane kring 1740, 1830 og 1910 var det stor byggjeaktivitet, og særleg mot slutten av 1800-talet var optimismen stor. Det vart bygd eit stort trelastlager og nye kaiar, og Kvalvåg fekk dampbåtekspedisjon. Den nye Møkstrakyrkja i 1892 vart også bygd her. Fram til 1980-åra var det handel, post, fiskemottak og rutebåtekspedisjon i Kvalvåg. Det er i dag ei eiga stifting i Bergen Seilforening som eig og brukar den gamle hovudbygningen, ein 1800-tals bygning like ved kyrkja. Eit omfattande restaureringsarbeid har på ny gjort Kvalvåg til eit senter og ein overnattingsstad; men no for segling, sjøsport og opplevingsturisme i Nordsjøløypa.

  • Schjelderup, W. M. (1933) Gjestgiveriet og landhandlerstedet Bekkervik. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 18-36.
  • Tufteland, J., Pettersen, L. L. & Pettersen, C. G. (1975) Kvalvaag: man and ocean.