• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lysøen, Os

Truleg er det stadskonduktør Conrad Fredrik von der Lippe som har teikna Lysøen (Helge Sunde).

Lysøen, dette eventyrslottet med den russisk-inspirerte løk-kuppelen på hjørnetårnet, står som eit minne om historismens mangfald og eit monument over ein mangfaldig kunstnarperson; ein sentral skikkelse i den norske nasjonalromantikken.

Ole Bull kom til Lysekloster første gong i 1826, og han vart alt som 16-åring fascinert av staden. I 1872 kjøpte han Lysøen av barndomsvenen sin, antikvar Nicolay Nicolaysen, for 600 Spesiedalar. Året etter, i 1873, stod «Villa Lysøen» ferdig. Då tok han huset i bruk som sommarbustad. Sikkert er det at det må vera Ole Bull sjølv som har samla inntrykk og impulsar på sine reiser til denne fabelvillaen med det store musikkrommet i maurisk stil. «Mitt lille Alhambra» kalla Ole Bull Lysøen. Øya er i seg sjølv eit uttrykk for nasjonalromantikkens naturkjensle. Kvitgrusa spaserstigar fører opp til den høgaste toppen, med vidt utsyn over fjordlandskapet.

  • Ole Bull

Ole Bull

  • Kiste frå Vindenes i Fusa, måla i 1877 av Annanias Tveit

Annanias Tveit og Lysøen

  • Gjesdal, C. O. G. (1972) Lysøen: variasjoner over et vestnorsk tema. Bergen, Bergens tidende og J.W.Eides boktrykkeri.
  • Madsen, S. T. (1975) Ole Bulls hus på Lysøen. I: Vern og virke: årsberetning fra Riksantikvaren og den antikvariske bygningsnemnd. Oslo, Riksantikvaren, s. 34-47.