• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Det gamle fellestunet før 1910

Det gamle fellestunet før 1910 (ukjent, Neg. D. 13825, H.M.)

Dale-garden ligg fint til på brotet mot elva, under fjellet Beitelen. Men nokre steinkast lenger nord, på den vide sletta attanfor husa, har det lege eit eldre tun. Her er funne ei mengd kokegroper, stolpehol, ein gammal veg og spor etter noko som må ha vore ein palisade. Funn frå dette eldste tunet kan daterast til folkevandringstida, 400–600 e.Kr.

Sigurd Tanne, som var brukar på 1300-talet, må ha vore ein velståande mann. Forutan jordegodset på Dale, åtte han også gardpartar på Oppheim i Vossestrand og i Evanger. Utover på 1400-talet byrja delar av Dale å koma over i Munkelivsklosteret si eiga. Mot slutten av mellomalderen åtte Munkelivsklosteret 4/7 partar av Dale­garden, bispestolen 2/7 og Apostelkyrkja i Bergen 1/7. Ved reformasjonen vart dette godset drege inn under kongen.

Talet på brukarar heldt seg nokså stabilt frå 1660-1860. Då var det jamt over 9 brukarar i tunet. I 1860-åra auka talet på brukarar til 11, og dette førte til ei innfløkt teigblanding.

  • Stolpehol

Stolpehola viser spor etter bygningar som har stått her i folkevandringstida (Svein Indrelid).