• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Agatunet

Agatunet (Svein Nord).

Storgarden Aga på vestsida av Sørfjorden, vart freda i 1937, då utskiftinga truga med å løysa opp det gamle klyngjetunet. Lagmannsstova, som har namn etter lagmann Sigurd Brynjulfsson, vart freda alt i 1924; ein av dei autentiske profane trebygningar frå mellomalderen vi har att. Men det er likevel sjølve tunet som er det sentrale kulturminnet.

Alt i 1300-åra var Aga delt i eit «øfstetun» og eit «nedstetun». Husa var grupperte på kvar side av ei tungate, og kvart tun hadde si storstove; ei røykstove av uvanlege dimensjonar. Stova vart riven i 1811, men Lagmannsstova står enno. Av dei skriftlege kjeldene ser vi at «øvstetunet» er omtala i 1398 (Diplomatarium Norvegicum VIII); i 1500-åra var det tre brukarar på Aga og på 1600-talet seks; tre i kvart tun. I 1701 var brukarane vortne sjølveigarar, og i 1907 budde det ni sjølveigande bønder og seksten husmenn i tunet.

Lensmann og stortingsmann Johannes Pedersen Aga har skildra den nedrivne røykstova, som hadde tømmer på 12 alens lengde og over 1 alen tjukn. Bygningen var «paa forskjellige steder ziret med billedhuggeri». Etter beskrivinga å dømma har denne stova vore samanbygd med eit loft med romslege omgangar; skot og svaler. Eit stavbygt kapell, som stod sør for Lagmannsstova, vart også rive – høgendeskyrkja for storfolket på Aga.

  • Gravstein over Sigurd Brynjulvsson

Lagmann Sigurd Brynjulfsson

  • Lagmannstova

Lagmannstova (teikning: Georg Fr. Fasting, 1945).

  • Bleiediplomet frå 1293

Bleiediplomet frå 1293

  • Agatunet frå  luften.

Ein dag på Aga

  • Nygård-Nilssen, A. (1935) Aga i Ullensvang: fra lagmannsgård til nimannstun. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 31-56.