• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tyssedal kraftstasjon

Tyssedal kraftstasjon, bygd i 1908 etter teikningar av Thorvald Astrup og Victor Nordan, vert verna som industriminne – eitt av Noregs mest monumentale industribygg (eigar: Riksantikvaren (Ark nr. B 276)).

TYSSEDALS-SAMFUNNET

Tyssedal framstår i dag som eit klassisk industrisamfunn, eit bilete på det moderne Noreg frå hundreårsskiftet til i dag. A/S Tyssefaldene vart etablert i 1906, og 1. mai 1908 vart Tyssedal kraftstasjon sett i drift. Anleggsarbeidet for første byggjetrinn vart gjennomført på kort tid, med ein arbeidsstyrke på 500 mann. Dei bygde vasstunnelar, reguleringsdam, kraftstasjon, røyrgate, kai, taubaner, kontorbygg, bustader og 6 km kraftline i ville fjellet til Odda, for å skaffa kraft til det nye smelteverket.

Gründeren Sam Eyde, grunnleggjaren av Norsk Hydro, var den første generaldirektøren i A/S Tyssefaldene. Etterfølgjaren hans, Ragnvald Blakstad, gjennomførte full utbygging av kraftstasjonen og Ringedalsdammen. Dette damanlegget i hoggen granittstein, 520 m langt og 33 m høgt, var Noregs største då det var ferdig i 1918. Dei fleste av Tyssefaldene sine bygningar er frå perioden 1912–1917, teikna av kjende norske arkitektar som Morgenstierne & Eide, Thorvald Astrup og Victor Nordan. «Administrasjonshotellet», forsamlingshuset «Festiviteten», kontorbygningen, Tveitahaugen hageby og andre bustadområde skriv seg frå denne tida.

Det Norske Nitridaktieselskap, som dreiv Eydehavn, bygde aluminiumsfabrikk i Tyssedal i 1916. Denne var i produksjon fram til 1981, men vart riven for å gje plass til ilmenittsmelteverket, TTI, som hentar ut jern av ilmenitten. Hovudproduktet er titandioksydslagg, som går til pigmentindustrien. Industrisamfunnet Tyssedal har gjennomlevt skiftande tider. På gardane Tyssedal og Tyssedalstveit budde det omlag 30 menneske før kraftutbygginga tok til. Folketalet i Tyssedal kom på det meste opp i ca 1500. I dag er Tyssedal kraftstasjon freda. Administrasjonsbygget er hovudbase for Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, NVIM, som også omfattar arbeidarbustader i Odda og eit industrihistorisk arkiv.

  • Tyssedalsamfunnet kring 1920

Tyssedalsamfunnet kring 1920; arbeidarane nede og funksjonærane oppe (T. Lofthus, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Lo. 088)).

  • Fägerborg, E. & Raknem, A. (1988) Nitriden i Tyssedal: arbeid og liv i et lite industrisamfunn.
  • Kollenborg, E. (1956) Aktieselskabet Tyssefaldene 1906-1956.
  • Kollenborg, E. (1962) Det Norske nitridaktieselskap: 1912-1962. Oslo.
  • Røsjø, E. (1988) Krafta er vår!: kampen om Tyssedal ca. 1970-1987.